Kort om arbeidsgiver

Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS) har ansvar for 3 bydelar i Bergen,- Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Kronstad DPS er samlokalisert sentralt på Danmarksplass. Det er seksjon for gruppebehandling som nå søkjer overlege/spesialist

 

Er du psykiater med interesse for gruppeterapi? Vil du være del av vårt terapeutiske fellesskap?

 

Seksjon for gruppebehandling er ein spanande arbeidsplass med 20 høgt kvalifiserte medarbeiarar, m.a. 6 psykologspesialistar. Vi har og eit mangfoldig behandlingstilbod. Vi tilstreber å  tilby behandling som samsvarer med klinikkens behov for differensierte behandlingstilbod. Vi har nå  ledig stilling for overlege/spesialist i psykiatri med mulighet til å bli del av eit stadig sterkere psykiaterfellesskap på Kronstad DPS

Seksjonen tilbyr strukturerte polikliniske behandlingsprogram i gruppe. Tilbodet har ei integrativ behandlingstilnærming.

Vi tilbyr korttids dagbehandling i gruppe til pasientar i krise (alternativ til døgn), samt psykoterapeutiske gruppetilbod av ulik lengde for pasientar i ei meir stabil fase.  Ei anna sentral oppgåve er utgreiing og individuell oppfølging av pasientar. Det er alltid to terapeuter i gruppene. Pasientgruppa er samansett, med hovudvekt på personlegdomsforstyrringar, angst, depresjon og livskriser.

Vi tilbyr mentaliseringsbasert behandling av pasientar med emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring. Vi har og behandlingsprogram for pasientar med engstelig unnvikande p.f. under utvikling

Vi søkjer etter psykiater som kan ha medisinskfagleg ansvar i seksjonen. Det er ønskjeleg at den som blir tilsett er allsidig og fleksibel i behandligstilnærminga si, samt positivt innstilt til å delta  i gruppe- og/eller individualterapi. Søkjar sin kompetanse og interessområde vil kunne påvirke arbeidsoppgåvene.

Denne seksjonen utgjer eit sentralt fagmiljø i Bergen innan gruppeterapeutiske behandlingsmetoder. Seksjonen deltar i eit forskningssamarbeid med "Nettverk for personlighetsforstyrrelser" ,- eit nettverk for personlegdomsretta behandlingsprogram i Noreg.

Arbeidsoppgåver

  • Medisinskfagleg ansvar i seksjonen
  • Utgreiing, vurdering og behandling av tilviste pasientar
  • Vere behandlar både individuelt og i gruppe
  • Indirekte spesialistansvar
  • Deltaking i den faglege utviklinga av seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjend, eller snart godkjend spesialist i vaksenpsykiatri
  • Erfaring med pasientgruppa
  • Kjennskap/interesse for gruppeterapi
  • Kjennskap til mentaliseringsbasert terapi
  • Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Søkjar bør vere i stand til å ta i bruk nye metodar og ha ei open og nysgjerrig haldning til nye utfordringar
  • Søkjar bør vere fleksibel, ha gode samarbeidsevner og vere løysingsorientert
  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.

Vi tilbyr

  • Arbeid i høgt kvalifisert fagmiljø med psykologspesialistar, psykolog, psykiatriske sjukepleiarar, spesialiserte fysioterapeutar og ergoterapeutar, sosionom, erfaringskonsulent, IPS konsulent m.m.
  • Vi har tverrfaglig teamarbeid som i praksis fungerar svært bra
  • Eit miljø med høg kompetanse innan gruppereapeutiske behandlingsmetodar
  • Engasjerte medarbeiarar
  • Eit godt arbeidsmiljø og utfordarande arbeidsoppgåver i ein spesiell og spanande seksjon

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Eirik Hjermann
Tittel: Fagansvarleg /psykologspesialist
Telefon: 55956132
Navn: Anna Antoinette Børsheim
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 55956031
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kronstad distriktspsykiatriske senter / Avdeling allmennpsykiatri / Seksjon for gruppebehandling
Fjøsangerveien 36
5054 Bergen