Kort om arbeidsgiver

Helse vest RHF godkjente våren 2021 "Regional plan Sikkerhetspsykiatri 2021-25". I planen vert det lagt opp til ei styrking av det sikkerhetspsykiatriske behandlingstilbodet. Sikkerhetspsykiatrien er definert som eit fagområde innan spesialisthelsetenesta. Fagfeltet er organisert for å ta hand om pasientar som har ein alvorleg psykisk sjukdom, og som representerer ein risiko for seg sjølv og/eller andre gjennom valdeleg åtferd.

Vi lyser ut 100% overlegestilling for å styrke det sikkerhetspsykiatriske fagområdet ytterlegare. 

Overlegestillinga vil ha hovedforankring i poliklinikken AST, men det er forventa eit tett samarbeid i heile "sikkerhetskjeda". AST har ei utadretta verksemd med reiseverksemd og direkte veiledning og oppfølging av bufelleskap, pasient, kommune, pårørande og andre aktuelle partar.

Spesialisert behandling  Valen sjukehus
Valen sjukehus ligg under Klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna. Ved sjukehuset er det 4 døgnpostar og ein poliklinikk; Akuttpost, Psykosepost, Sikkerhetspost, Sikker/rehabilitering og eit ambulant sikkerhetsteam (AST).  Sikkerhetspsykiatrien i Helse Fonna har ein funksjon for regionen Nord-Rogaland, Sunnhordland og Indre Hardanger. Faggruppa omfattar overlege med spesialitet i psykiatri, psykolog , lis.lege, sosionom,  psykiatriske sjukepleiarar , aktivitør og miljøpersonell. 

Det sikkerhetspsykiatriske behandlingstilbodet i Helse Fonna HF er i dag organisert med døgnbehandlingsplassar og poliklinikken AST . Pasientane er i hovudsak innlagt etter Lov om tvunge psykisk helsevern. Einingane tek og imot pasientar som er dømd  til behandling.  Dei fleste pasientane har trong for behandling og rehabilitering som varer over tid, frå nokre månader til  fleire  år i særskilde høve.  Diagnostisk omfattar pasientgruppa primært  spekteret  frå psykotiske tilstander innan schizofrenispekteret, bipolar liding, rusutløyste psykosar,  reaktive polymorfe  psykosar og ulike former for personlegdomsavvik. Angst og depresjon, tilbaketrekking og kontaktvanskar pregar dei fleste.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og testing
  • Arbeid med strukturert voldsrisikovurdering
  • Behandling og oppfølging av pasientar i overgangsfase mellom sentralsjukehus, DPS og kommune
  • Kunne vere vedtaksansvarleg for pasientar på tvunge psykisk hesevern og dom til behandling
  • Vere del av det tverrfaglege behandlingsteamet på postane
  • Polikliniske tenester (reiseverksemd) med oppfølging av utskrivne pasientar
  • Rettleiing til lokale oppfølgingstenester ved  4 DPS i foretaket, samt kommunar
  • Inngår i bakvaktssystem for legar.
  • Rettleie legar i spesialisering
  • Rettleiing av studentar og anna helsepesonell

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon.
  • Godkjent spesialist i psykiatri.
  • Kunnskap til EPJ med både DIPS og Meona
  • Vedtakserfaring
  • LiS som er nær spesialisering kan tas i betrakning
  • Erfaring med sikkerhetspsykiatri og strukturert voldsrisikovurdering er ein fordel. 

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert og engasjert
  • Tålmodig og evne til å knytte relasjon
  • Høg grad av etisk- og fagleg ansvarsbevissthet
  • Fleksibel og gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

    Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med gode mogleheiter til å få bruke seg sjølv fagleg gjennom varierte og utfordrande kliniske problemstillingar.
    Helse Fonna ynskjer å legge til rette for høg fagleg standard og  kompetanseutvikling  for den enkelte tilsette. Som overlege tilsett i Helse Fonna har ein eit fast  kursbudsjett for vedlikehald av spesialiteten. Det vert lagt opp til kompetanseheving innan voldsrisikovurdering og sinnemeistring der det er naudsynt.

    Valen sjukehus ligg i naturvakre Sunnhordland/Hardanger med fjord og fjell og rikeleg moglegheiter for frilufstliv både på sjø og fjell. Velferdslaget har hytter som tilsette kan nytte. Gode oppvekstvilkår for barn med skule og barnehage . Regionssenteret  Husnes ligg like i nærleiken  med service og handlesenter.  Regionen kan i sommarhalvåret  by på eit rikt kulturtilbod med Baroniet i Rosendal i nærområdet.

  •      Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  •      Gode pensjons- og forsikringsordningar

Utdanningsretning

  • Psykologi

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Marianne Lund Anderssen
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: (+47) 53466407
Navn: Karl-Heinz Escher
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 53466400
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Spesialisert behandling Valen sjukehus, Helse Fonna HF
Sjukehusvegen 15
5451 Valen
Søk på stillingen