Kort om arbeidsgiver

Kreftavdelinga i Helse Bergen har fått oppdrag å bygge opp den regionale fagforvaltninga for kjemoterapi (medikamentell kreftbehandling) i Helse Vest. Dette er eit viktig tiltak for å styrke kvaliteten og pasienttryggleiken i kreftbehandlinga i regionen.

I samband med innføringa av ny elektronisk kurveløysing i sjukehusa og produksjonsstøtteløysing i sjukehusapoteka skal forvaltinga av kurdefinisjonar (oppskrift på ulike typar legemiddelkurar mot kreft) samordnast mellom sjukehusa i regionen. Kreftavdelinga skal og ha ansvar for den vidare faglege forvaltinga og vedlikehaldet av kurdefinisjonar. Arbeidet vil krevje bidrag frå alle helseføretaka i regionen og inkludere medisinsk, farmasi- og sjukepleiefagleg kompetanse. Det er sett av til saman fire stillingar til arbeidet.

Ny stilling som prosjektleiar for oppretting av regional fagforvaltning for kjemoterapi i Helse Vest er lagt til avdelingsdirektøren sin stab. Arbeidet vil først bli lagt opp som eit prosjekt, og vil så bli overført til drift og samordna med anna forvalting når ny elektronisk kurve- og produksjonsstøtteløysing er innført.
Det er oppretta mandat og styringsstruktur for regional fagforvaltning for kjemoterapi for å sikre fagleg forankring av arbeid og involvering av alle føretaka i regionen.
Vi søkjer etter ein utviklingsorientert lege, farmasøyt eller sjukepleiar med interesse for kvalitet og pasienttryggleik.  Den nye prosjektleiaren bør ha gode leiareigenskapar og evne til å planlegge og leie prosjektet. Prosjektleiaren vil rapportere direkte til avdelingsdirektør i Kreftavdelinga, som og er også leiar for det regionale prosjektstyret. 

Vi kan tilby spennande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagleg miljø, som vil gje synlege resultat.

Spørsmål om stillinga kan rettes pr epost til kontaktpersonen oppgitt i annonsa. 

Arbeidsoppgåver

  • Leie, koordinere og leggje til rette for arbeid med oppbygging og forvalting av regional fagforvalting kjemoterapi
  • Nært samarbeid med innføringsprosjekta for elektronisk kurveløysing og produksjonsstøtteløysing, samt sjukehusføretak og apotekføretaket i regionen
  • Forankre arbeid med samordning og vedlikehald hos ulike interessepartar
  • Sakshandsaming for prosjektstyre og strategisk fagforvalting
  • Andre arbeidsoppgåver etter avtale

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, farmasøyt eller sjukepleiar
  • Erfaring frå prosjektarbeid 
  • Formell utdanning i prosjektarbeid er ønskjeleg
  • Erfaring frå og interesse for fag- og prosessutvikling i grenseflate mellom fag og IKT-system 
  • Erfaring frå kjemoterapi området
  • God IKT-kompetanse og systemforståing
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Evne til å setje deg inn i komplekse saker
  • Evne til å setje deg mål og arbeide systematisk
  • Evne til å samarbeide på tvers av fag og einingar
  • Evne til å leie fagfolk og finne fleksible løysingar

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande og spanande fast stilling med prosjektleiarskap for teamet
  • Høve til fagleg og personleg utvikling i stillinga
  • Arbeidsplass i Parkbygget nær Sentralblokka ved Haukeland universitetssjukehus
  • Løn etter avtale 
  • Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Olav Mella
Tittel: Avdelingsldirektør
E-post: olav.mella@helse-bergen.no
Navn: Christer Bakke Frantzen
Tittel: Fagdirektør Sjukehusapoteka Vest
E-post: christer.bakke.frantzen@sav.no
Navn: Marta Ebbing
Tittel: Fagdirektør
E-post: marta.ebbing@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillingen