Kort om arbeidsgiver

Avdeling for patologi i Helse Førde har ledig stilling som overlege i patologi med moglegheit for funksjon som medisinskfagleg rådgjevar.
Ønska oppstart i stillinga januar 2022, men vi er fleksible med oppstarttidspunkt. 

Vår avdeling utfører kvart år omlag 13 000 undersøkingar, og vår diagnostikk omfattar heile spekteret frå klassiske mikroskopteknikkar til molekylære analysar. Vi utfører også 30-40 medisinske obduksjonar årleg. Avdelinga har 20 medarbeidarar, derav fem overlegar og to legar i spesialisering.

Avdelinga er framtidsretta og står no i ein spennande utviklingsprosess med innføring av regional digital patologi i Helse Vest. Dette vil gi nye moglegheiter for fleksibilitet i arbeidskvardagen, og auka samarbeid i patologimiljøet i Helse Vest. I avdelinga legg vi vekt på trivsel og godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag. Vi arbeider aktivt med kontinuerleg kvalitetsforbetring for å sikre god kvalitet på våre tenester som skal vere tilpassa den medisinske utviklinga.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver for overlege i patologi:

  • Utføre diagnostikk av histologi og cytologi
  • Obduksjonar med hovedvekt på supervisjon av virksomhet ved LIS
  • Generell supervisjon av LIS
  • Delta i internundervisning av legar, bioingeniørar og anna helsepersonell
  • Tverrfagleg samarbeid med andre avdelingar og deltaking på MDT møter

Tilleggsansvar ved funksjon medisinskfagleg rådgjevar:

  • Overordna medisinskfagleg ansvar
  • Rådgjevar for leiing i avdelinga i medisinskfaglege spørsmål
  • Legge til rette for undervisning og kompetanseheving
  • Delta i planlegging av drift og faglege prioroteringar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som overlege i patologi 
  • Beherske godt norsk munnleg og skriftleg, minimum nivå B2 for ikkje-skandinaviske arbeidstakarar
  • For medisingskfagleg rådgjevar evt brei erfaring frå patologifaget
  • For medisinskfagleg rådgjevar er erfaring med administrative rutiner ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Ansvarsbevisst
  • Strukturert og engasjert
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Rekrutteringstillegg
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Moderne diagnostikk i eit regionalt digitalt fagmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Moglegheit for individuelt tilpassa arbeidstid og tidvis heimekontor med digital patologi
  • Fjord, fjell og flott natur rett utanfor døra

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Tonje Bøyum Riste
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 918 06 787
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling for patologi, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillingen