Kort om arbeidsgiver

Er du spesialist i arbeidsmedisin med interesse for næringslivet langs kysten inkludert dykke- og maritim medisin?


Yrkesmedisinsk avdeling (YMA) ved Haukeland universitetssjukehus har i eit år fra 18 oktober 2021 ledig vikariat i ein 100 % overlegestilling for spesialist i arbeidsmedisin ved Arbeidsmedisinsk poliklinikk (AMP). Lege som blir ferdig med spesialistutdanninga i arbeidsmedisin innan rimeleg tid kan og søkje stillinga.


Avdelinga har ansvar for helseregion III (Rogaland og Vestland). AMP si hovudoppgåve er å påvisa og førebyggja helseeffekt/sjukdom som skuldast påverknader i arbeidsmiljøet. Ved AMP er det tre overlegestillingar i 100 % og ein i 50 % innan arbeidsmedisin, og tre stillingar for legar i spesialsiering (LIS) i arbeidsmedisin. Den faste staben ved Arbeidsmedisinsk poliklinikk er breitt fagleg samansett med overlegar (arbeidsmedisin, lungemedisin, dermatologi og nevrologi), yrkeshygienikarar og nevropsykolog.
YMA er organisert i seks seksjonar; AMP, Seksjon for klinisk spesialallergologi med Regionalt senter for astma, allergi og annen overfølsomhet (RAAO), Seksjon for hyperbarmedisin med hyperbar oksygenbehandling og dykkelegevakt, Norsk senter for maritim- og dykkemedisin med Radio Medico, sjukepleieseksjon og merkantil seksjon.
Avdelinga har tre nasjonale behandlingstenester, to av dei er heilt eller delvis knytt til AMP: Nasjonal behandlingsteneste for spesifikk bronkial provokasjon og Nasjonal behandlingsteneste for yrkesmedisinsk utgreiing av yrkesdykkarar.


Det er eit utstrakt tverrfagleg samarbeid både innan og mellom seksjonane, og mellom seksjonane og andre relevante avdelingar både i Haukeland universitetssjukehus og helsetenesta for øvrig.

 

Arbeidsoppgåver

  • Utredning og sekundær forebygging av arbeidsrelaterte helseplager i poliklinikk
  • Sakkyndig arbeid, eksempelvis for NAV og forsikringsselskap.
  • Veiledning av LIS
  • Fag og tjenesteutvikling
  • Forskning og undervisning
  • Samhandling med bedriftshelsetjeneste og primærhelsetjeneste

Kvalifikasjonar

  • Må ha norsk autorisasjon som lege
  • Må tilfredsstille krava i gjeldande nasjonalt regelverk for legar i spesialiteten arbeidsmedisin
  • Det blir lagt vekt på forskingserfaring og avlagt PhD innan relevant fagfelt
  • Det blir lagt vekt på erfaring frå arbeidsmedisinsk sjukehussavdeling
  • Må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne            

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg i møte med pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og andre samarbeidspartnararD
  • u har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande tilhøve
  • Systematisk og resultatorientert arbeidsmetode
  • Ansvarsbevisst med evne til gjennomføring
  • Fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Eit spanande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Lønn etter avtale
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring 

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Marit Grønning
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55973875
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Yrkesmedisinsk avdeling
Jonas Lies vei 65
5021 Bergen
Søk på stillingen