Kort om arbeidsgiver
Er du lege med interesse for samanhengen mellom helse og arbeid? Likar du å vere del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø? Har du lyst til å bu og arbeide høgt til fjells, midt mellom aust og vest?

Rehabiliteringssenteret AiR søkjer lege i 100% stilling.

Det er ulike spesialitetar som kan vera aktuelle for stillinga, til dømes fysikalsk medisin og rehabilitering, arbeidsmedisin, allmennmedisin, eller andre. AiR-klinikk er godkjent som institusjonsteneste for legar i spesialisering som allmennlegar.

Målgruppa for rehabiliteringstilbodet ved AiR er pasientar med samansette plager og nedsett arbeidsevne. Ofte er det snakk om fysiske eller psykiske utfordringar, som regel i ein kombinasjon. AiR har et eige tilbod for pasientar med CSF/ME. I tillegg satsar institusjonen no på å gje eit heilskapleg tilbod til unge vaksne med utfordringar i arbeidslivet.

Dei fem tverrfaglege teama består av lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent, idrettspedagog og psykolog/samtaleterapeut. Som lege bidreg du med din spisskompetanse gjennom klinisk praksis, og i tverrfaglege vurderingar saman med dei andre profesjonane. Du vil også delta i systematisk fagleg utvikling.

Faglege kvalifikasjonar:
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Interesse for fagfeltet
  • God kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • God skriftleg framstillingsevne
  • Personlege eigenskapar vert lagt vekt på
Me tilbyr:
  • Høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs o.l.
  • Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00-15.30
  • Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
  • Hjelp til å skaffe møblert bustad
Søknadsfrist snarast - me tek søkarar inn til intervju fortløpande og avsluttar prosessen når me har funne den rette.

For meir informasjon, kontakt:
Assisterande leiar klinikk Siri Mørch tlf. +47 474 63 408, e-post siri.morch@air.no eller medisinskfagleg ansvarleg overlege Elisabeth Swensen på tlf 35062800.

Søk på nettsida vår: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Rehabiliteringssenteret AiR as
Kontaktpersoner
Navn: Anita Vatnebryn
Tittel: Kllinikkleiar
Telefon: 957 30 942
E-post: anita.vatnebryn@air.no
Navn: Elisabeth Swensen
Tittel: Medisinskfagleg ansvarleg overlege
Telefon: 35062800
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Haddlandsvegen 20
3864 RAULAND
Søk på stillingen