Kort om arbeidsgiver
Stord kommune har ledig nyoppretta fastlegeavtale som vil få 600-800 personar overført på liste ved etablering.

Stord kommune har ledig nyoppretta fastlegeavtale som vil få 600-800 personar overført på liste ved etablering

Praksisen er lokalisert i Landsbylegane Stord sentralt på Leirvik. Det er eit senter med 4 legar der 2 er spesialistar i allmennmedisin. Praksisen har stabil arbeidsstokk og tilsette med lang erfaring. Det er Infodoc journalsystem og eige kvalitetssystem i praksisen. Landsbylegane Stord skal flytta til lokale i det nye Helsehuset 01.06.2021.

Legen får gå inn i eksisterande samarbeidsavtale mellom legane ved kontoret. Overtakingsvilkår og etablering av praksis ved legekontoret vert avtalt direkte med aktuell fastlege. Kommunen kan i tillegg tilby anna allmennmedisinsk arbeid.
 
Stimuleringsordningar
Det vert fremja sak i kommunen om følgjande tiltak:
Kommunen betalar aktuell «good-will» ved overtaking slik at den økonomiske inngang til praksisen vert mindre for den nye legen.

Kommunen garanterer for deler av dei økonomiske konsekvensane ved spesialisering i allmennmedisin (LIS-3) og tilbyr strukturert veiledning og supervisjon

Kommunen garanterer vil leggja til rette for økonomisk kompensasjon ved fråver for gjennomføring av krava i LIS.

Det er og til vurdering delvis dekking av driftsutgifter i praksis i ein overgangsperiode.

Vaktordning
Legevakta har fast stasjon i eit samarbeid mellom 3 kommunar med 31000 innbyggjarar. Det vert om lag 3 vakter/mnd. og høve for ekstravakter. Vaktdøger er oppdelt med tilstadesvakt for lege og sjukepleiar i fastlønsordning. Legevakta er samlokalisert med interkommunal sengeavdeling (KAD) i nye moderne lokale og nær Stord sjukehus og ambulanse.

Legen må ta del i vaktordning på dagtid og i Sunnhordland interkommunale legevakt.

Vi legg vekt på gode referansar som gjeld fagleg dugleik og personlege eigenskapar i høve samarbeid.
God norsk språkutøving og kulturforståing er viktig.

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit faglig godt tilbod til pasientar og tilsette.
Det vert individuelt tilrettelagd støtte for utdanning i allmennmedisin.
Vi har godt samarbeid med vel-fungerande lokalsjukehus på Stord.
Vilkår for fastlegeavtale elles går fram av gjeldande forskrift, retningsliner og tariffavtalar.
 
Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverkDet må leggjast fram politiattest.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje
 
Kommuneoverlege Lars Helge Sørheim kan kontaktast på 990 95 893, e-post: lhs@stord.kommune.no
eller Landsbylegane v/aktuell fastlege Gunhild Sundal på 922 87 628, e-post gunsun@broadpark.no for nærare opplysningar.

Søknadsfrist: 17.05.2021

Søk på stilling
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Stord kommune
Kontaktpersoner
Navn: Lars Helge Sørheim
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 990 95 893
E-post: lhs@stord.kommune.no
Navn: Gunhild Sundal
Tittel: Fastlege
Telefon: 922 87 628
E-post: gunsun@broadpark.no
Arbeidssted
,
5417 STORD
Søk på stillingen