Kort om arbeidsgiver
Kommuneoverlegen er kommunen sin medisinskfaglege rådgjevar. Du får ansvar for samfunnsmedisinske oppgåver på eit administrativt nivå og fagansvar for legetenesta i kommunen. Organisatorisk er stillinga plassert i sektor Helse og omsorg. Kommunalsjef i Helse og omsorg vil vere næraste overordna. I pandemisituasjonen vi står i, er kommune open for å diskutere alternativ organisering og ressursbruk. Vi ynskjer dialog med DEG. Kommune vil strekke seg langt for å tilrettelegge og tilpasse stilling(ar) for å sikre rekruttering til dette viktige oppdraget. 

Arbeidsoppgåver
- Medisinskfagleg rådgjeving overfor den kommunale organisasjon
- Fagleg ansvar for miljøretta helsevern, smittevern og helseberedskap
- Myndigheitsoppgåver etter Lov om psykisk helsevern
- Ivaretaking av andre oppgåver som i lovgjevinga er særskilt tillagt kommuneoverlegen
- Samfunnsmedisinsk rådgjeving i kommunen sitt folkehelsearbeid og i kommunen sin  plan- og       samfunnsutvikling
- Delansvar i planarbeidet retta mot kommunale helsetenester
- Bidra i samhandlinga med spesialisthelsetenesta og andre kommunale helsetenester
- Fagansvar, økonomisk og administrativt ansvar for fastlegeordninga og oppfølging av fastlegar i kommunen. Kommuneoverlegen har tre seksjonsleiarar under seg som er delegert personal- og driftsansvar.
- Overordna ansvar for kommunen sine oppgåver i ny spesialistutdanning
- Overordna ansvar for interkommunal legevakt, Volda er vertskommune for denne
- Sakshandsaming av politiske saker på fagfeltet
- Deltaking i kommunen si kriseleiing

Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon
- Relevant erfaring
- Spesialistutdanning i samfunns medisin vert vektlagt
- Førarkort klasse B
- God førestellingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar
- Interesse og engasjement for samfunns medisin
- Gode kommunikasjonsevner
- Analytisk og evne til å tenke heilskapleg
- Handlekraftig
- Gode samarbeidseigenskapar
- Fleksibel og løysingsorientert
- Utviklingsorientert og innovativ

Vi tilbyr
- Kommunen har samarbeid med nabokommunen om testing og smittesporing i høve pandemisituasjonen. Det er oppretta vaktordning for smittesporingsarbeidet med vakt om lag kvar 5 veke for kommuneoverlegen
- Det er viktig for kommunen å gi signal om at vi vil strekke oss langt, i dialog med deg som søkjar, å tildele arbeidsoppgåver det er mogleg å rekke over. Kommunen er positiv til å vurdere fleire personar inn i eit samarbeid, så lenge pandemisituasjonen krev utvida innsats.  
- Spennande utviklingsoppgåver i eit godt og tverrfagleg fagmiljø. Så langt det er råd vil vi tilby fagleg vegleiing.
- Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
- Løn vert vi samde om
- Tilrettelegging for spesialisering i samfunns medisin
- Konkurransedyktig pensjonsordning i KLP
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Volda kommune
Kontaktpersoner
Navn: Inger Lise Kaldhol
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 98477079
E-post: inger.lise.kaldhol@volda.kommune.no
Navn: Svein Berg-Rusten
Tittel: Kommunalsjef
Telefon: 91868329
E-post: svein.berg-rusten@volda.kommune.no
Arbeidssted
Barstadmarka 2,
6100 VOLDA
Søk på stillingen