Kort om arbeidsgiver
Kommuneoverlegen er medisinsk fagleg rådgjevar i stabsavdeling for rådmannen si leiargruppe og har delegert mynde innafor miljøretta helsevern og smittevern. Stillinga har oppgåver innafor sakshandsaming til politisk utval, rådgjeving i krise- og beredskapsarbeid og overfor dei andre einingane i kommunen. Stord kommune har nyleg vedteke Plan for utvikling av legetenesta. Kommuneoverlegen er leiar for eining som omfattar fastlegeordninga og avtaleheimlar for fysioterapeutar, med rapportering til kommunalsjef. Det er ønskeleg med spesialistkompetanse i samfunnsmedisin.

Me legg vekt på gode referansar som gjeld fagleg dugleik og personlege eigenskapar i høve samarbeid. God norsk språkutøving og kulturforståing er viktig.

Me kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit faglig godt tilbod til pasientar og tilsette. Me har godt samarbeid med eit velfungerande lokalsjukehus på Stord.

Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk eller etter avtale.

Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Det må leggjast fram politiattest. Tilsettingstidspunkt etter avtale.

For nærare opplysningar, kontakt kommunalsjef Knut J. Gram på e-post: knut.j.gram@stord.kommune.no mob 975 52 011 eller kommuneoverlege Lars Helge Sørheim på e-post lhs@stord.kommune.no  mob 990 95 893.

Søknadsfrist: 25.05.21

Søk på stilling
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Stord kommune
Kontaktpersoner
Navn: Knut J. Gram
Tittel: Kommunalsjef
Telefon: 975 52 011
E-post: knut.j.gram@stord.kommune.no
Navn: Lars Helge Sørheim
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 990 95 893
E-post: lhs@stord.kommune.no
Arbeidssted
Borggata 2
5417 STORD
Søk på stillingen