Kort om arbeidsgiver

Vil DU bli vår kollega?

Vi har ledig vikariat på 6 månader for lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi. Det er mogelegheit for vidareføring utover 6 månader. Vi ønskjer oss ein kollega med erfaring innan kirurgi/ ortopedi, gjerne med forskningsambisjonar. Vikariatet inngår i utdannngsplan for LIS3 i ortopedisk kirurgi.

Avdeling for kirurgi Kristiansund sjukehus består av ortopedi, urologi, poliklinikk, dagkirurgi, operasjon og sterilsentral, anestesi, logistikk og kontor. Avdelinga har óg eigen forskningseining. Ved avdelinga arbeider 10 overlegar/ spesialistar og 6 legar i spesialisering. Den som vert tilsett, vil inngå i vaktordning for legar i spesialisering.

Visste du dette Kristiansund?
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Arbeidsoppgåver

  • Varierte arbeidsoppgåver som lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi
  • Vakt
  • Operasjon
  • Poliklinikk
  • Visitt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført og godkjent LIS-1/turnus om man ikkje blir omfatta av unntaksbestemmelsene

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og andre tilsette
  • Du har god evne til refleksjon over eigen praksis som lege
  • Du har god evne til å gje og motta tilbakemeldingar
  • Du har interesse for forskning
  • Du evner å ta ansvar for eigen spesialistutdanning (jfr. forskrift om spesialistutdanning)

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Ei spesialistutdanning som er godt forankra i føretaket der læringsmål blir tatt vare på etter ein systematisk plan
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Kirsti Sevaldsen
Tittel: Seksjonsleiar
E-post: Kirsti.Sevaldsen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirurgiske og ortopediske leger Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Kristiansund sjukehus
6508 Kristiansund
Søk på stillingen