Kort om arbeidsgiver
Nevrologisk avdeling Helse Bergen, har ledig eitt eller fleire vikariat for lege i spesialisering i Nevrologi. Oppstart 01.03. eller snarast mogleg. Vikariatet er for 6 månader med mogleg forlenging og vidare spesialistutdanning i nevrologi.


Nevrologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus driv utgreiing og behandling av nevrologiske lidingar med fokus på både akuttbehandling, kompleks utgreiing og rehabilitering. Avdelinga har ein stor akuttpost som inneheld slageining, ein dagpost,rehabiliteringspost for ryggmargsskader og ein poliklinikk. Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken som også famnar mellom anna nevrokirurgi og klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesialistutdanninga i Nevrologi kan gjerast her om ønskjeleg.

Avdelinga har for tida 13-delt forvakt med delte dag- og nattevakter. Vi tilbyr varierte oppgåver med vakt-, post- og poliklinikkarbeid. I Nevrologisk avdeling er det og omfattande forskingsaktivitet, og gode høve for å engasjere seg i forsking for interesserte LIS. 

Arbeidsoppgåver

  • LIS legar deltar i postarbeid og i arbeid ved poliklinikk med utgreiing og behandling av ulike nevrologiske lidingar, og deltar i rotasjon med 13-delt tilstadesvakt
  • LIS legar deltar i undervising av medisinarstudentar

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS-stilling i nevrologi
  • Det blir lagt vekt på relevant arbeidserfaring
  • Det blir lagt vekt på forskingserfaring

Personlege eigenskapar

  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Bidra til godt samarbeid og eit godt arbeidsmiljø
  • Meistre norsk både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • Fagleg og personleg utvikling i eit sterkt fagleg og triveleg miljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Petter Schandl Sanaker
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 55976059
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Nevrologisk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen