Kort om arbeidsgiver
Velkomen til øyriket ved storhavet! Med storhavet som næraste nabo og kort veg til Ålesund, Ulsteinvik, Volda og Ørsta ligg Herøy kommune sentralt plassert. Eit framgangsrikt og samfunnsengasjert næringsliv bidreg også i stor grad til gode og varierte fritidstilbod både til fastbuande og besøkande.
Alle øyane med busetnad i kommunen er knytte til kvarandre og fastlandet med bruer og undersjøisk tunnell (Eiksundsambandet). Vegen er kort frå den eine storslagne naturopplevinga til den neste. Fugleøya Runde er kjent for Noregs tredje største og eitt av landets mest artsrike fuglefjell. Her finn du også utstillinga av Rundeskatten. Men også resten av kommunen har mykje å by på både av natur og meir urbane aktivitetar.
Kommunesenteret Fosnavåg har vakse fram rundt den lune, naturlege hamna som til alle tider har gitt ly til båtar og mannskap. Den vesle kystbyen er fleire gongar kåra til den fremste næringsbyen i Noreg. Her er ingen store kjøpesenter, men i staden ei rad nisjebutikkar med eit anna utval enn det kjedebutikkane tilbyr. Hit kjem mange langvegs ifrå for å finne det spesielle. I tillegg har byen hotell, kino og kulturhus, badeland, kaféar og restaurantar, bakeri, vinmonopol, matbutikkar, gjestebrygge.
I Herøy kommune er det viktig for oss som er tilsette å vise respekt, ha tillit og fremje samhandling. Kjerneverdiane skal hjelpe oss til å nå visjonen vår, «Herøy, ei båtlengd føre».
Vi har ledig 4-5 fastlegeheimlar ved Herøy legesenter.
Heimlane blir overdregne kostnadsfritt frå kommunen til ny fastlege.
Vi ser etter deg som vil vere vår nye kollega og fastlege ved Herøy legesenter. Herøy legesenter ligg på Eggesbønes saman med dei andre seksjonane under avdeling for barn, familie og helse. Legetenesta i Herøy har 11 fastlegeheimlar, fordelt på Myrvåg legesenter og Herøy legesenter. Herøy kommune har gode vilkår for etablering av praksis. Ved legesenteret er det for tida ledig 4-5 fastlegeheimlar. Det kan verte aktuelt å slå saman fem heimlar til fire sidan nokre av heimlane har små pasientlister.
Kommunen har felles legevakt kveld/helg med Sande kommune, og felles nattlegevakt med fem andre kommunar. Vaktbelastning: ca to vakter/mnd på kveld/helg og ei natt/mnd.
Felles legevakt kveld/helg med fire kommunar er under utgreiing.
Du er velkomen til å søke på heimlane sjølv om du ikkje ønsker å gå inn i ein fast heimel, men berre kan tenke deg eit lenger vikariat.
Du vil kunne vere med på å bestemme listelengde. Det er for tida ikkje knytt allmennlegeoppgåver til heimlane, men ved behov kan det verte aktuelt.
Sjå opplysningar om heimlane i stillingsannonsa.
Kvalifikasjonar
- Du må ha norsk autorisasjon, helst spesialist i almennmedisin eller vere interessert i å ta slik spesialisering
- Vi vil legge til rette for at du kan fullføre spesialistutdanning
- Du må oppfylle vilkåra i kompetansekravforskrifta og vilkår for refusjon frå Helfo
- Du må kunne skrive godt norsk og ha god munnleg framstilling på norsk, svensk eller dansk
Det er krav om godkjend politiattest
Personlege eigenskapar
Sidan vi har fleire ledige heimlar ved legekontoret, ønskjer vi deg som vil vere med på vidareutvikle legekontoret. Du må:
- Like å jobbe i kollegialt fellesskap
- Ønske å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Vere opptatt av fagleg utvikling
- Vere fleksibel
Vi tilbyr
- Godt kollegialt fellesskap med engasjerte fastlegar
- Gode og funksjonelle lokale
- Nærleik til andre helse- og omsorgstenester
- Stabilt hjelpepersonell med lang erfaring
- Vi vil legge til rette for fagleg utvikling
- Gunstige fastlegeavtalar der kommunen driftar legesenteret og leiger det ut til legane. For dette betaler legane basistilskot + kr. 3000/mnd i leige.
Fast løn kan vurderast.