Kort om arbeidsgiver

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) i Stavanger dekkar ein barnepopulasjon på omlag 88.000 born i alder 0-18 år. Avdelinga består av sengepost barn og ungdom 3E4D, nyføddintensiv 3D og barne- og ungdomspoliklinikken. Sengepost barn og ungdom utgreier og behandlar pasientar med alle typar pediatriske problemstillingar, som diabetes, epilepsi, tarmsjukdomar, ernæringsvanskar, forseinka utvikling, akutte infeksjonar og onkologi. Nyfødtintensiv mottar nyfødde med behov for intensivbehandling frå heile Rogaland og har eit pediatrisk transportteam i samarbeid med NLA/Sea-King redningsteneste.

Der er omlag 2200 innleggingar pr år korav omlag 570 ved nyføddintensivavd. Sjukehuset har ca 4200 fødslar årleg. Der er ein godt utbygd poliklinikk med omlag 18 000 konsultasjonar pr år. Avdelinga underviser medisinerstudentar frå Universitetet i Bergen og Semmelweis Universitet i Budapest. Fleire av legane ved avdelinga driver aktiv forsking, og det blir gjeve tilbod om forskingsrettleiing.  

Det er ledig ei fast overlegestilling ved seksjon barn/ungdom frå 01.01.21. Ved intern tilsetjing kan det bli ledige vikariat.

Attester, vitnemål og eventuell annen relevant dokumentasjon må vedlegges søknaden. 

Arbeidsoppgaver

  • Arbeidsoppgåver vil omfatta arbeid ved sengepost, poliklinikk og vaktarbeid. Vaktplanen er p.t. rullerande og 13-delt. 
  • Legen deltar i avdelinga sitt undervisningsprogram, i supervisjon og rettleiing av legar i spesialisering, i studentundervisning samt i relevant faggruppe.

Kvalifikasjoner

  • Vi søker primært etter spesialist i pediatri. LIS med kort tid igjen til spesialitet kan også vurderast for stillinga. Resterande tenestetid og etterspurt kompetanse må i så fall oppgjevast i søknaden.
  • Søkaren bør ha kompetanse/erfaring i eitt eller fleire av følgande fagfelt: Hematoonkologi, nefrologi, infeksjon. 
  • Forskingskompetanse eller interesse for forsking er ønskeleg og vil bli vektlagt i vurderinga av søkarane.
  • Norsk autorisasjon.
  • Søkar må beherska norsk skriftleg og munnleg svært godt. Søkarar med anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må min. ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i foretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå.
  • Det vil bli krevd politiattest av den som blir tilsett, jfr. Helsepersonelloven §20a.

Personlige egenskaper

  • God fagleg vurderingsevne.
  • Evne til å jobba sjølvstendig og i team. 
  • Evne til å jobba systematisk og effektivt. 
  • Gode evner til samarbeid og kommunikasjon med pasienter og kolleger.
  • At søkar er påliteleg, fleksibel og løysingsorientert. 
  • Evne til å bidra positivt i arbeidsmiljøet, både fagleg og kollegialt

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst.
  • God pensjons- og forsikringsordning.
  • Triveleg arbeidsmiljø og høgt fagleg nivå.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderende arbeidsliv(IA)-bedrift.
  • Gode velferdsordningar som turgruppe og bedriftidrettslag.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Stavanger HF
Kontaktperson
Navn: Ann Marit Gilje
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 51 51 34 79
Arbeidssted
Kvinne- og barneklinikken / avdeling barne- og ungdomsklinikk, Helse Stavanger HF
Gerd Ragna Bloch Thorsens gate
4019 Stavanger
Søk på stillingen