Kort om arbeidsgiver
I samband med at legesenteret i Sykkylven vert kommunalt frå 01.07.2021, søkjer vi fleire dyktige fastlegar som vil vere med og styrke legetenesta og helsetilbodet til innbyggarane.
Vi søkjer fastlegar som vil bidra til å skape ein god og attraktiv arbeidsstad, med eit sterkt fagmiljø. Kommunen legg til rette for fleksibel driftsform: næringsdrivande eller kommunal tilsetting. Stillingane/ heimlane har i utgangspunktet 1000 listepasientar.
Vi søkjer:
  • 2 spesialistar i allmennmedisin
  • 2 fastlegar under spesialisering i allmennmedisin
Arbeidsstad 
Legesenteret er lokalisert sentralt i Sykkylven. Senteret er godt utstyrt, har eige laboratorium og nyttar CGM Allmenn journalsystem. Legesenteret har 8 legestillingar, LIS1 lege og stabilt og kompetent hjelpepersonell.
 
Vi søkjer:

2 fastlegar som er spesialistar i allmennmedisin

Kvalifikasjonar
  • Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon
  • Fullført spesialistutdanning i allmennmedisin
  • Førarkort klasse B
2 legar under spesialisering i allmennmedisin (LIS 2)

Kvalifikasjonar
  • Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon
  • Krav om gjennomført LIS 1 som gir rett til refusjonar frå HELFO. Kommunen vil legge til rette for spesialisering i allmennmedisin. 
  • Kjennskap til og gjerne erfaring frå offentleg forvaltning og helsearbeid
  • Førarkort klasse B
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er knytt til fastlegepraksis ved legesenter med legevakt og evt. offentlege allmennmedisinske oppgåver.
Etter 30.06.2021 er vidare organisering av legevakt uavklara, men vi arbeider med å få til låg vaktbelastning.
Personlege eigenskapar
  • Vi søkjer tolmodige og empatiske fastlegar som har stor respekt for pasientane og deira rettar og behov. 
  • Gode norskkunnskapar og gode munnlege og skriftlege kommunikasjons - og framstillingsevner 
  • Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid 
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Søknad
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling og ber difor om at du sender elektronisk søknad. Vi ønskjer at det vert oppgitt minst to referansar i søknaden. Attestar og vitnemål kan leggast ved søknaden, og må leggast fram ved evt intervju.

Spesielle krav til stillinga 
I samsvar med helsepersonellova vert det stilt krav om politiattest av ny dato, ikkje eldre enn ein - 1 - månad.

Vi tilbyr
  • Gode lønnsvilkår
  • Høve til å bidra til å bygge opp eit sterkt fagmiljø og eit godt arbeidsmiljø
  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
    • Obligatorisk tenestepensjonsordning 
    • Gunstige låneordningar
    • Gode forsikringsordningar
Når det gjeld næringsdrivande vil avtaleheimelen og tildelingsprosessen verte regulert av til kvar tid gjeldande lover, føresegner, avtaleverk og lokale avtalar (rammeavtalane ASA 4310 og ASA 4301, kommuneavtalen SFS 2305 og den individuelle avtalen som blir inngått med kommunen).
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Sykkylven kommune
Kontaktperson
Navn: Eli Otterlei
Tittel: kommunalsjef
Telefon: 70246557 / 93201413
E-post: eli.otterlei@sykkylven.kommune.no
Arbeidssted
Sykkylven legesenter
Haugbukta 20
6230 SYKKYLVEN
Søk på stillingen