Kort om arbeidsgiver
Stord DPS er eitt av fire distriktspsykiatriske senter i Klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF. Senteret har døgnavdeling og poliklinikk. Opptaksområdet for DPS dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes. Stord DPS er organisert saman med BUP Stord under felles leiing.

Vi har ledig fast nyopprette stilling for overlege i poliklinikken ved DPS.

Ved poliklinikken har vi behandlingsteam som TSB, allmennpol., og FACT.  Vi er inne i ei tid med sterkt fokus på utvikling av tilbodet ved DPS.  Vi har etablert eit breidt behandlingstilbod, mellom anna FACT-team, IPS, ECT, DBT, IMR, 4-dagars angstbehandling/OCD-team (klinikkovergripande), samt medisinsk yoga/mindfulness. Vi ynskjer at våre medarbeidarar skal ha god fagkompetanse på sitt område og vi legg til rette for vidare- og etterutdanning. Vi har eit stabilt fagmiljø, med fast tilsette lokalt forankra overlegar. Stord DPS har p.t. 4 overlegestillingar og 2 LiS-stillingar. Både poliklinikken og døgnavdelinga er godkjent som utdanningsinstitusjon for LiS i spesialiteten i psykiatri.

Det er etablert ei god intern fagleg møtestruktur for overlege- og spesialistgruppa. I stillinga vil ein ha moglegheit til å vera med å utforme og prega det videre behandlingstilbodet ved Stord DPS.

Les meir om vårt tilbod om 4-dagarsbehandling!

Stord DPS ligg på Stord i Sunnhordland. Stord har 18 000 innbyggjarar, vakker natur med fjell, skog og sjø, eit rikt kulturliv, høgskule med sjukepleie- og lærarutdanning og betydeleg maritim næring. Stord har lufthamn med daglege avgangar til Oslo. Norges nest og tredje største byar, Bergen og Stavanger, når du med bil eller offentleg transport på høvesvis to og tre timar.


Arbeidsoppgåver
  • Arbeidsoppgåver omfattar vurdering, utgreiing og behandling av pasientar poliklinisk og i post
  • Tverrfagleg teamarbeid, samhandling med henvisande og oppfølgande instansar
  • Rettleiing av legar i spesialisering, supervisjon og fagleg utviklingsarbeid
  • Deltaking i vaktordning knytt til døgnpost
Kvalifikasjonar
  • Godkjend spesialist i psykiatri med norsk autorisasjon
  • Må beherska godt norsk skriftleg og munnleg
  • Relevant erfaring frå spesialisthelseteneste/primærhelseteneste
  • Evne til god fagformidling og rettleiing overfor førstelinjetjenesta vil bli vektlagt
  • Erfaring frå utvikling av gode rutinar og prosedyrar / engasjement for faglig utvikling
  • Gode samarbeidsevner og erfaring frå fleirfagleg samarbeid / teamarbeid
Personlege eigenskapar
  • Strukturert
  • Pasientorientert
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Ha respekt for den einskilde pasient
  • Engasjert
  • Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Like varierte utfordringar
Vi tilbyr
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst. Eigen vaktordning med gode betingelsar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Høgt fagleg nivå i stabilt fagmiljø
  • Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Dag Sele
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 91313745
E-post: dag.sele@helse-fonna.no
Navn: Håvard Wester Breistein
Tittel: Seksjonsleiar SDPS/BUP
Telefon: 93241877
E-post: havard.wester.breistein@helse-fonna.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Stord DPS
Tysevn.
5401 STORD
Søk på stillingen