Kort om arbeidsgiver
Me søker etter fastlege i privat næringsdrift til Sandtangen legesenter i Time kommune. Det er ledig fast heimel 100% stilling og listestørrelse er 742. For tida er det ingen andre kommunale oppgåver knytt til heimelen. Økonomiske vilkår ved overdraging av praksis vert forhandla med avgåande fastlege, i hht. ASA 4310 pkt. 5.6. Personlege eigenskapar vil verta vektlagde.

Det er ønskeleg med oppstart fra 01.03.2021, eller etter avtale.

Som eit ledd i tilrettelegging for spesialisering vil kommunen søka om aktuelle tilskot frå Helsedirektoratet som vert lagt ut og som er retta mot næringsdrivande ALIS-stillingar. Kommunen vil elles sørga for nødvendig rettleiing og supervisjon. 


Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåvene vil vera å følga opp pasientar på eiga liste og delta i administrative oppgåver ved felles drift av legesenteret. 
Legevakt 32-delt ved Klepp og Time legevakt kl. 15-23 kvardagar og i tidsrommet 08-23 i helger.
Nattevakter ved interkommunal legevakt på Sandnes 60-delt kl. 23-08.

Kvalifikasjonar
Det er krav om norsk autorisasjon og godkjent turnus/LIS1 frå sjukehus og distrikt, tilsaman 1,5 år.
Erfaring frå allmennpraksis eller spesialisthelseteneste i tillegg til LIS1, eller godkjent spesialist i allmennmedisin LIS3, er ønskeleg.
Krav om politiattest.

Personlege eigenskapar
Motivasjon for å driva allmennpraksis vil vera sentralt, samt at ein bidrar til å skapa eit godt arbeidsmiljø for kollegaar og hjelpepersonell. Andre eigenskaper som vert lagt vekt på vil mellom anna vera:
Gode kommunikasjonsevner med gode språkferdigheiter i norsk munnleg og skriftleg.
Gode samarbeidsevner.
Kan arbeida godt sjølvstendig.

Me tilbyr
Praksis ved Sandtangen legesenter sentralt plassert på Bryne i Time kommune. Legesenteret held til i moderne og funksjonelle lokale og husar seks fastlegar og ein ALIS-stilling i offentleg verksemd. Det er ein augelege-praksis knytt til legesenteret. Journalsystem System X vert brukt.

Velutstyrt og veldrive legesenter med eiga skiftestove og laboratorium. Moderne ultralydapparat. Medarbeidarar er sjukepleiarar, helsesekretær og bioingeniør. Stabilt kollegium med fleire spesialistar i allmennmedisin. 
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Time kommune
Kontaktpersoner
Navn: Øystein Fjetland
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 456 62 014
Navn: Heidi Garborg
Tittel: Virksemdleiar
Telefon: 993 15 148
Hjemmeside
Arbeidssted
Arne Garborgs veg 30
4340 BRYNE
Søk på stillingen