Kort om arbeidsgiver

Poliklinikk i psykisk helsevern for utviklingshemma, Seksjon for spesialisert behandling Haugesund søker psykiater/lege med erfaring innan psykisk helsevern

Poliklinikk i psykisk helsevern for utviklingshemma (PPU) er ein spesialisert poliklinisk teneste for vaksne med utviklingshemning og består av to psykologspesialist (ein PhD), legespesialist, og vernepleier. PPU har ansvar for vaksne med utviklingshemning som treng tenester innan psykisk helsevern i opptaksområdet Helse Fonna, samt en regional funksjon (Helse Vest) for barn og vaksne med utviklingshemning, autisme og alvorlege tilleggsvanskar. PPU driv en vel strukturert teneste som vektlegg en kunnskapsbasert tilnærming. PPU har pågåande kvalitets,- forskings- og innovasjonsprosjekt. Poliklinikken er involvert i forskingsprosjektet nasjonalt og deltar i regional og nasjonale nettverk.


Poliklinikk i psykisk helsevern for utviklingshemma er et ambulerande team, det betyr at vi i tillegg til ordinær poliklinisk kontakt yter tenester/behandling der pasienten bor i samarbeid med den aktuelle kommune.
 
PPU er organisatorisk plasser i Klinikk for psykisk helsevern, Seksjon for spesialisert behandling, Haugesund. Seksjon spesialisert behandling Haugesund består blant anna av nevropsykologisk eining og alderspsykiatrisk poliklinikk samt akuttpost og avrusningspost. Seksjonen er knytt til forskingsmiljøet i helseregionen. Per dags dato har vi fire ansatte med fullført PhD og fleire pågåande forskingsprosjekt.    

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåver ved PPU inkluderer utregreiing av utviklingsrelaterte tilstander, nevropsykiatriske forstyrrelser og psykiske liingar hos vaksne med utviklingshemning eller generelle lærevanskar, samt behandling og oppfølging av desse. Behandlinga vil kan bestå av medikamentell-, psykoterapeutisk- og miljøterapeutisk tilnærming, anten i kombinasjon eller kvar for seg.
  • Det er ynskjeleg at psykiater/lege gjer enkelte somatiske undersøkingar
  • Oppfølging jf. pakkeforløp innan psykisk helsevern
  • Samarbeid med andre avdelingar i spesialisthelsetenesta og kommunar er sentralt i arbeidet i PPU.
  • De fleste pasientar i behandling har lettare utviklingshemning

Kvalifikasjonar

  • Overlege psykiatri/lege med erfaring innan psykisk helsevern
  • Norsk (C1 nivå påkrevd for personer utan norsk som hovudmål)

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Fleksibel
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Engasjert
  • Like varierte utfordringar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom NLF og Helse Fonna HF.
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktperson
Navn: Oddbjørn Hove
Tittel: Funksjonsleiar
Telefon: 92402743
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Seksjon for spesialisert behandling Haugesund, Helse Fonna HF
Strandgata 202
5525 Haugesund