Kort om arbeidsgiver
Kort om stillinga
Surnadal kommune har ledig fastlegeheimel med eit listetak på 1000 pasientar. Kommunen har til saman seks fastlegeheimlar og ein LIS1 der alle er lokalisert ved Surnadal legesenter. Legesenteret blir drive som eit DA, har fine funksjonelle lokale i sentrum og har tilknytt hjelpepersonell. Som fastlege arbeider du som sjølvstendig næringsdrivande etter ein såkalla “nullavtale” (ASA 4310 pkt.8.2) .

Arbeidsoppgåver
Surnadal kommune deltek i interkommunal legevaktordning lokalisert ved St. Olavs hospital, Orkdal sjukehus. Ein må rekne med 2-3 vakter i månaden, samt legevakt på dagtid ved Surnadal legesenter ca. ein dag pr. veke.

Kvalifikasjonar
Søkjar må vere spesialist i allmennmedisin. Ikkje-spesialistar som er godkjent allmennlege, kan søkje dersom kriteria om overgangsordningar omtalt i «Forskrift om spesialistutdanning og spesialistgodkjenning for leger og tannleger (spesialistforskriften)» er til stades. Norsk autorisasjon som lege, rekvisisjonsrett, refusjonsrett frå Helfo og norskkunnskapar på eit høgt nivå er påkrevd.
Søkjarar som har fullført LIS1, og som ikkje har starta spesialisering i allmennmedisin, må forplikte seg til å starte spesialisering snarast etter tildeling av heimel. Kommunen vil vere med å legge forholda til rette for at spesialisering kan gjennomførast.

Tilsettingsvilkår
Tilsetting av fastlegeheimel skjer etter dei vilkåra som til ei kvar tid går fram av gjeldande lov- og avtaleverk (ASA 4130). Kommunen si tildeling av avtaleheimel er enkeltvedtak etter Forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Vedtak blir fatta av kommunen.
Det blir krevd politiattest av den tilsette, og attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Vi tilbyr
Gode arbeidsforhold i moderne lokale. Flyttegodtgjering i medhald av kommunen sin personalplan. Vi kan hjelpe til med å skaffe bustad. Det er god barnehagedekning i kommunen.

Søknad skal sendast på epost til post@surnadal.kommune.no
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Surnadal kommune
Kontaktpersoner
Navn: Gunhild Eidsli
Tittel: Ass. kommunedirektør/kommunalsjef
Telefon: 971 74 856
E-post: ge@surnadal.kommune.no
Navn: Gunn Inger Bredesen
Tittel: Einingsleiar
Telefon: 481 22 549
E-post: gunn.bredesen@surnadal.kommune.no
Navn: Atle Aune
Tittel: Fastlege
Telefon: 71 65 78 00 / 958 89 054
E-post: atle.aune@surnadal.nhn.no
Arbeidssted
Surnadal legesenter
Moavegen 21
6650 SURNADAL
Søk på stillingen