Kort om arbeidsgiver
Kort om stillinga og arbeidsoppgåvene
Suldal kommune har ledig stilling som institusjons- og palliasjonslege i 80% fast stilling f.o.m. 01.12.20. Oppgåvene vil bli relatert til bebuarane ved sjukeheimen (inkl kompetansebygging) og palliativt arbeid i kommunen. Det er mykje tverrfagleg samarbeid med fastlegar, heimesjukepleie, kreftkoordinator, fysioterapi og spesialisthelseteneste.
Det er ønskjeleg at legen bidreg med felles legeoppgåver og legevakt, og stillinga kan då aukast til 100%. Forsking innan palliasjon blir vurdert og kan inngå i stillinga.

Per i dag har Suldal ein sjukeheim med plass til 38 brukarar. 20 plassar til personar med demens og psykiske lidingar og 18 plassar til pasientar med somatiske lidingar. Pasientane kan beskrivast med: rehabilitering, polyfarmasi, multimorbiditet og kreft, palliasjon mm. Eit rom i eiga avdeling blir nytta til lindrande behandling, og eit til «øyeblikkelig hjelp». Journalsystem som vert nytta er Cos-Doc og Infodoc.

Kort om arbeidsgjevar
Stillinga er organisert under eining Helse, der også alle fastlegane i kommunen er tilsett. Helseavdelinga i Suldal har eit ungt og framoverlent arbeidsmiljø, i nyoppussa moderne lokale, og me kan tilby gode arbeids- og lønsforhold.

For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng me engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag. Suldal kommune er ein lærande organisasjon, og har gode ordningar for kompetanseutvikling og vidareutdanning.

I vår kommune kan du kombinera ein periodevis hektisk jobb med eit kvardagsliv som gir deg rom for å kopla av både i naturen og i det urbane miljø. Suldal har ein spanande og variert natur, med alt frå lune fjordar til høge fjellområde og lokale toppar. Det er framifrå mogelegheiter for friluftsliv både sommar og vinter. Samtidig er det gode lokalmiljø og koselege sentrumsområde, og eit særskilt rikt og variert kulturliv.

Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar vert vektlagde. Det er forventa at søkjaren har gode norskkunnskapar – både munnleg og skriftleg og har kjennskap til norsk helsevesen. Søkjar må ha norsk autorisasjon og førarkort.

Dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidsforhold vert etterspurt ved innkalling til intervju.

Kommunen kan hjelpa til med å skaffa bustad. Suldal kommune har god barnehagedekning, og det er gå-avstand til jobb.

Generelt/søknad sendast
Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg. Rettkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju.

Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett, må ta kontakt med servicetorget på tlf. 5279 2200.
Stillingskategori
Sykehjemslege
Arbeidsgiver
Suldal kommune
Helse
Kontaktpersoner
Navn: Adriaan van Ruiven
Tittel: Einingsleiar
Telefon: 5279 2318 / 454 22 697
E-post: adriaan.van.ruiven@suldal.kommune.no
Navn: Harald Bjarne Hellesen
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 911 67 506 / 5279 2300
E-post: harald.bjarne.hellesen@suldal.kommune.no
Arbeidssted
Sand
Eidsvegen 3
4230 SAND
Søk på stillingen