Kort om arbeidsgiver
Stad kommune lyser ut nyoppretta heimel som fastlege i godt opparbeidd praksis i kommunalt drive legekontor på Nordfjordeid frå 01.09.2020.
Fastlegeheimelen har ei listelengde på  850 - 900 pasientar og inntil 7,5 timar per veke i kommunal bistilling.
Stillinga er tredelt og omfattar kurativt arbeid, legevaktarbeid og offentlege arbeidsoppgåver.
Legetenesta i Stad kommune er organisatorisk plassert i eining for helse saman med fysio- og ergoterapitenesta, samt helsestasjonen.
Stad kommune har to legekontor som begge er kommunalt drive. Legetenesta i Stad har elleve  fastlegeheimlar og lyser no ut den tolvte heimelen.
Legekontoret nyttar Infodoc Plenario journalsystem. Det er tilsett sjukepleiarar, bioingeniør og legesekretærer som hjelpepersonell. Kommunen er med i pilotprosjekt om primærhelseteam og medisinsk avstandsoppfølging, det er tilsett to sjukepleiarar i prosjekta som er plassert ved legekontoret.
Legekontoret på Nordfjordeid har eit godt fagmiljø med åtte andre fastlegar, ein turnuslege og personell i resepsjon/laboratorium. Det er kort avstand til Nordfjord sjukehus med indremedisinsk døgnavdeling, laboratorium, røntgen, skadepoliklinikk, samt døgntilbod på distriktspsykiatrisk senter og ruspost.

Arbeidsoppgåver
  • Stillinga er tredelt og omfattar kurativt arbeid, legevaktarbeid og
    offentlege arbeidsoppgåver
  • Kommunen er vertskommune for interkommunale legevakt og ØHD sengar. Legekontoret på Nordfjordeid har ansvar for legetilsyn i kontortida
  • 8-delt kommunal legevakt frå kl. 08.00 til kl. 16.00 på kvardagar. Resten av døgnet og i helgar om lag 20-delt legevakt knytt til Nordfjord legevaktsentral (om lag 22 000 innbyggjarar)
Kvalifikasjonar
  • Du må ha norsk autorisasjon som lege og fylle krava for refusjon frå HELFO
  • Du må ha førarkort klasse B
  • Du må levere politiattest før start i stillinga
Personlege eigenskapar
  • Gode kunnskapar i norsk-  både munnleg og skriftleg
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
  • Evne til å arbeide strukturert og på systemnivå
  • God fagleg vurderingsevne
Vi tilbyr
  • Godt opparbeidd allmennmedisinsk praksis i eit godt kollegialt fellesskap.
  • God allmennmedisinsk rettleiing
  • Gode økonomiske vilkår
Stad kommune har 6 månadar prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Stad kommune
Helse
Kontaktperson
Navn: Linda Gotteberg
Tittel: einingsleiar
Telefon: 41694203
E-post: linda.gotteberg@stad.kommune.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Eid legekontor
Rådhusvegen 11
6770 NORDFJORDEID
Søk på stillingen