Kort om arbeidsgiver
Kristiansund sjukehus er eit av fire sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Avdeling for barnemedisin og
habilitering omfattar barne- og ungdomsavdelingane og
barnehabiliteringstjenesta i føretaket. Ved Kristiansund sjukehus er det
sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom i alderen 0-18 år.
Det er fødeavdeling med om lag 365 fødslar/år. Ein av barnelegane arbeider også
i barnehabiliteringstjenesta.

Avdeling for barnemedisin og habilitering har behov for å styrke bemanninga ved
sjukehuset i Kristiansund:

Vi søkjer vaktkompetent barnelege, med oppstartdato snarast.
Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar til overlegestillinga, er det aktuelt å midlertidig omgjere stillinga til stilling for LIS for eitt
år.

Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus vil bli slått saman til eit nytt
fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) med planlagt innflytting i
2024. Det nye akuttsjukehuset vert plassert på Hjelset i Molde kommune. Her
vert det no planlagt for sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og
ungdom. Felles fødeavdeling med ca 900 fødslar/år.Ein del av SNR vil bli nytt
Distriktsmedisinsk senter ( DMS) i Kristiansund. Her vert det planlagt tilbod til barn
og ungdom med poliklinikk/dagbehandling.
Den som vert tilsett må rekne med endring i fast arbeidsstad ved innflytting i
SNR, med moglegheit å arbeide enkelte dagar ved DMS. Du vil møte ein spennande
arbeidsplass, med mykje aktivitet knytt til framtidsplanar og utvikling. Du vil
blii inkludert i eit godt arbeidsmiljø!
Du vil vere omgitt av flott natur med mange turmål til fjells og langs
kysten.Vi kan óg friste med eit rikt kulturliv!

Høyrest dette fristande ut? Ta kontakt – og velkomen som søkjar! Vi kan hjelpe
med bolig i ei overgangsfase, og også med kontakt med barnehage/skule.For meir
informasjon om Kristiansund / Romsdal og Nordmøre viser vi til nettsida https://www.visitnorway.no/reisemal/vestlandet/nordvest/

Arbeidsoppgåver

  • Generell pediatri i sengepost og poliklinikk med vaktarbeid på sengepost og Føde/Barsel.

 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon og norsk spesialistgodkjenning
  • God kunnskap i norsk/nordisk språk, skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar og eignaheit vil verte vektlagd
  • God evne til tverrfagleg samarbeid

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og erfarne legar
  • Lønn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Bente Askestad
Tittel: Overlege - Medisinsfaglig ansvarlig
Telefon: 71121590
E-post: bente.askestad@helse-mr.no
Navn: Siv Helen Kristoffersen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 71121558
E-post: siv.helen.kristoffersen@helse-mr.no
Navn: Eli Bente Langva
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 46412725
E-post: Eli.Bente.Langva@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Sengepost barn og ungdom Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund