Kort om arbeidsgiver
Er du allmennlege og har lyst til å lære meir om akuttmedisinske helseproblem til sjøs? Har du lyst til å kombinere eigen allmennpraksis i Bergensområdet med 50% stilling som telemedisinar for sjøfolk? Vi tilbyr ei spennande legestilling ved Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin med arbeidsoppgåver i skjeringspunktet mellom allmennmedisin arbeidsmedisin og maritim samfunnsmedisin?
 
Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin (NSMDM) er eit nasjonalt kompetansesenter ved Yrkesmedisinsk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, med formål om å fremje helse mellom sjøfolk og dykkarar. Senteret har 16 tilsette med variert fag- og erfaringsbakgrunn, og driv m.a. undervising, rådgjeving, saksbehandling, forsking, utvikling av medisinske læremiddel, regelverksarbeid, seleksjonsmedisinske utgreiingar av dykkarar og sjøfolk og driftar den norske telemedisinske legevakta for sjøfolk, Radio Medico. Senteret jobbar tett med m.a. Sjøfartsdirektoratet, Forsvaret og Universitetet i Bergen, og har ei rekkje prosjektsamarbeid med andre offentlege, ideelle og private aktørar innan den maritime næringa i Noreg og i utlandet.
 
NSMDM er ein seksjon ved Yrkesmedisinsk avdeling som forutan NSMDM består av Arbeidsmedisinsk poliklinikk, Seksjon for klinisk spesialallergologi, Seksjon for hyperbarmedisin, ein sjukepleieseksjon og ein kontorseksjon. Avdelinga har tre nasjonale behandlingstenester (spesifikk bronkial provokasjon ved mistenkt yrkesrelatert astma, yrkesmedisinsk utgreiing av yrkesdykkarar og elektiv hyperbar oksygenbehandling). Det er utstrakt samarbeid på tvers av seksjonane. Avdelinga har eit regionalt ansvar for Helseregion III (Vestland og Rogaland). 

Arbeidsoppgåver

  • Telemedisin – vaktarbeid i Radio Medico, den telemedisinske legevakta til sjøs (for tida seksdelt vakt)
  • Undervising – halde førelesingar på maritimmedisinske kurs for legar, sjukepleiarar, sjøfolk med helseoppgåver mv.
  • Anna aktivitet – aktivt bidra med eigne erfaringar og kompetanse til løyse senterets oppdrag i inn- og utland
  • Det er store moglegheiter for personleg utvikling i stillinga. Det vil kunne leggjast til rette for forskingsaktivitet
  • Arbeidsoppgåver vil kunne bli endra over tid, tilpassa senterets utvikling/behov og kompetansesamansetninga i personellgruppa
  • Vi stiller ikkje krav om spesialkunnskapar eller anna særskild erfaring innan maritim medisin for tilsetjing i denne stillinga. All naudsynt opplæring vil bli gitt  

Kvalifikasjonar

  • Lege med klinisk spesialitet i allmennmedisin eller annan klinisk spesialitet, og variert erfaring frå primær og/eller spesialisthelsetenesta
  • Forskingsinteresse og formidlingserfaring vil telje positivt
  • Kjennskap til eller interesse for maritim sektor (sjøfart, fiskeri, oppdrett mv.) og erfaring frå helsetenester i eit kyst-/fiskerisamfunn vil telje positivt
  • Må kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg på både norsk og engelsk  

Personlege eigenskapar

  • Systematisk og resultatorientert
  • Ansvarsbevisst med evne til gjennomføring
  • Fleksibel og løysingsorinetert

Vi tilbyr

  • Spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Unik moglegheit for nybrottsarbeid
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Lønn etter avtale
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Marit Grønning
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55973875
Arbeidssted
Yrkesmedisinsk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen