Kort om arbeidsgiver
Me søkjer etter tre fastlegar til Time kommune ved Kvernaland legesenter. 3. gangs kunngjering. 

Det er ledig tre fastlegeheimlar ved Kvernaland legesenter. Oppstart etter avtale. Legesenteret består i dag av tre fastlegar og med plass for i alt fem legar. Senteret starta opp i oktober 2013 og er drive etter ordinær næringsdrift for fastlegar. Det er tilsett hjelpepersonell, til saman 2,3 årsverk. Det er mogleg å avtale ein periode med vikariat, som ein prøveperiode i allmennlegepraksis før ein bestemmer seg om ein vil inngå fast avtale.
Dei tre listene har i dag listestorleik på: 770 ( listetak 900), 1120 (listetak 1200), 757 (listetak 800). Økonomiske vilkår ved overdraging av praksis vert forhandla med avtredande fastlegar. Ein viser elles til gjeldande rammeavtale mellom KS og DNLF, ASA 4310.  Kunngjeringsteksten er avklart med Samarbeidsutvalet for allmennlegetenesta i kommunen.

Kommunen legg til rette for spesialisering og kan nytta seg av offentlege ordningar. Helsedirektoratet opplyser at det truleg vil lysast ut tilskotsmiddel til næringsdrivande ALIS-stillingar i 2020. Kommunen kan då søkja om tilskot etter avtale med den enkelte legen. Eit slikt tilskot vil kunna dekkja ekstra utgifter i oppstartfasen og i samband med spesialistutdanninga. Kommunen vil sørgja for nødvendig rettleiing og supervisjon. 

Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid.
- Delta i dagleg drift og administrasjon ved legesenteret.
- Det kan vera aktuelt med kommunalt arbeid på helsestasjon eller sjukeheim eller som rettleiar for legar i spesialisering.
- Legevakt: 32-delt ved Klepp og Time legevakt kl. 15–23 kvardagar og i tidsrommet 08–23 i helger.
- Nattevakter ved interkommunal legevakt på Sandnes, 60-delt kl 23–08.

Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon og minimum gjennomført LIS1-teneste
Gode norsk-ferdigheiter, munnleg og skriftleg

Andre krav
Politiattest, ikkje eldre enn tre månader.

Personlege eigenskapar
God til å kommunisera og gode samarbeidsevner 
God til å arbeida strukturert og sjølvstendig 
Gode evner til å driva eigen praksis i privat næringsdrift

Vi tilbyr
Kvernaland legesenter ligg sentralt plassert på Kvernaland ca. ei mil aust for Bryne.Legesenteret ligg i moderne og funksjonelle lokaler. Senteret har en del moderne tekniske løysingar som server i sky, digitalt/nettbasert sentralbord.  I tillegg til eit moderne laboratorium, har senteret ei velutstyrt skiftestove med mellom anna digital tonometri, tympanometri, elektronisk øyreskyll mm..Senteret er veldrevet og har moderne nettbasert, og oppdatert, kvalitetssikringssystem som er i tråd med interkontroll forskriften.  Legesenteret leiger lokala av kommunen etter eigen avtale. Det er to andre legesenter på Bryne og eit godt fagleg miljø med felles internundervisning.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Time kommune
Kontaktpersoner
Navn: Heidi Garborg
Tittel: Virksemdleiar
Telefon: 993 15 148
Navn: Olav Øgaard
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 456 62 014
Hjemmeside
Arbeidssted
Theodor Dahls veg 8
4355 KVERNALAND