Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har ledig 3 faste stillingar for lege i spesialisering - psykiatri.

I divisjon psykisk helsevern er fleire snart ferdig med si spesialisering i vaksenpsykiatri og vi lyser difor ut 3 faste 100% stillingar som LIS 3 i psykiatri med oppstart 01. September 2020.


Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus er eit av fem lokale helseføretak som er eigd av det regionale føretaket Helse Vest RHF. ​​Det er 12800 tilsette fordelt på 9600 årsverk. Hovudoppgåvene er pasientbehandling, forsking, undervising og pasientopplæring. Vi har pasienttilbod innan somatikk, psykisk helsevern og rusbehandling.

Divisjon psykisk helsevern har ansvar for spesialisthelsetenesta innan psykisk helsevern, og har organisert sitt kliniske tilbod i seks klinikkar. Både born og vaksne er ein del av vår målgruppe. Verksemda er lokalisert ein rekkje stader i Bergensområdet og inneheld akuttmottak, ambulerande team, poliklinikkar, dagavdelingar og sengeavdelingar. 

Divisjonen psykisk helsevern er godkjend for 5 års teljande teneste til spesialiteten psykiatri. Spesialistkandidatar kan få heile den tenesta dei treng gjennom eit felles rotasjonssystem i divisjonen. Det er til saman 27 utdanningsstillingar.

Læringsarenaene for spesialiteten er ved desse avdelingane:
Psykiatrisk akuttmottak (PAM), stemningslidingar, spesialisert psykosebehandling, spiseforstyrringar, alderspsykiatri, ECT, psykosomatisk medisin, klinikk for sikkerheitspsykiatri og DPS.

Dei som vert tilsett får sitt tilsetjingsforhold på divisjonsnivå, og vil rotere mellom ulike avdelingar. Vaksenpsykiatri har ei rotasjonsordning, der ein to gonger pr. år legg til rette for flytting mellom læringsarenaer, slik at kandidaten kan få oppfylt sine læringsmål etter ønskje og så raskt som mogleg.

Det vises for øvrig til utdanningsplan. Etter fullført spesialisering, vil
stillingane bli omgjort til stilling som legespesialist.

Vitnemål og attestar på godkjend relevant teneste skal leggjast ved søknaden. Det er vidare krav om politiattest ved tilsetjing, jf Psykisk helsevernloven kap. 4A-7.

Søknadar utanom Webcruiter vil ikkje bli behandla. 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar på spesialistnivå - sjukehus/DPS.
  • 24 av 27 LIS stillingar er for tida ein del av forvaktsordninga knytta til Psykiatrisk akuttmottak (PAM).
  • Vi legg til rette for at LIS legane får ta del i undervising, kurs og rettleiing slik spesialiseringsreglane i psykiatri krev.
  • Kandidatar i sideutdanning vil få moglegheit til å følgje kurs som er nødvendige for eigen spesialitet.

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS-3 stilling i psykiatri.
  • Vi ønskjer oss legar med særleg interesse for psykiatri.
  • Du har god fagleg vurderingsevne.
  • Det er ein fordel med erfaring frå arbeid innan psykiatrien og/eller forsking.
  • Den som søkjer må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

  • Vi vil leggje vekt på kandidaten sin motivasjon og at vedkomande er personleg eigna til å arbeide innanfor psykisk helsevern.
  • Du har evne til å møte menneske i krise profesjonelt og empatisk, også dei med utfordrande framferd.
  • Dei som blir tilsette har eit tydeleg engasjement for fagfeltet og evner å vere med og utvikle behandlingstilbodet vidare.
  • Som person toler du å stå i krevande situasjonar over tid.
  • Du er god på å jobbe i tverrfaglege team og har vist vilje og evne til samarbeid i tidlegare arbeidsforhold.
  • Du har evne til å arbeide strukturert og målretta og har høg arbeidskapasitet.
  • Du har oversikt, og evner å prioritere riktig når det er travelt og mange oppgåver samtidig.

Vi tilbyr

  • Ei tilrettelagt spesialistutdanning, der utdanning blir prioritert.
  • Rotasjonsordning som sikrar at den einskilde kandidat får allsidig erfaring frå alle relevante tenesteområde innan spesialiteten psykiatri.
  • Moglegheit for å forske som ein del av spesialistutdanninga.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Ingrid Andersen Moe
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 92610704
E-post: ingrid.andersen.moe@helse-bergen.no
Navn: Kristin Bovim
Tittel: Utdanningsansvarleg overlege
Telefon: 98262955
E-post: kristin.jordheim.bovim@helse-bergen.no
Arbeidssted
Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen