Kort om arbeidsgiver
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Yrkesmedisinsk avdeling har frå 01.09.2020 ledig midlertidig 100% stilling (1 år) for Lege i spesialisering (LIS) i arbeidsmedisin. 

Yrkesmedisinsk avdeling bidrar til å førebyggje sjukdom og fremje god helse ved å påvise og auke kunnskap om samanheng mellom miljøfaktorar og helse. Det foregår ved pasientutgreiingar, kunnskapsformidling, prosjektarbeid og forsking. Avdelinga har regionsansvar for Helseregion III (Vestland og Rogaland). I tillegg har avdelinga tre nasjonale behandlingstenester: elektiv hyperbar oksygenbehandling, utgreiing av yrkesrelaterte dykkarskadar og spesifikk bronkial provokasjon ved yrkesrelatert astma.

Avdelinga er organisert i Arbeidsmedisinsk poliklinikk, Seksjon for klinisk spesialallergologi, Seksjon for hyperbarmedisin med hyperbar oksygenbehandling, Norsk senter for maritim- og dykkemedisin, sjukepleieseksjon og merkantil seksjon, samt ein stab med biostatistikar og forskingsleiar.

Den ledige stillinga blir knytt til Arbeidsmedisinsk poliklinikk med seksjonsoverlege Endre Sundal som leiar. Det er tre stillingar for LIS arbeidsmedisin ved seksjonen. Den faste staben ved arbeidsmedisinsk poliklinikk er breitt fagleg samansett med fire overlegar i arbeidsmedisin og i tillegg to lungelegar, dermatolog og nevrolog, yrkeshygienikarar og nevrospykolog. I tillegg samarbeidar ein med sjukepleiarar, kontortilsette, legespesialistar ved dei andre seksjonane, samt avdelinga sin biostatistikar og forskingsleiar.

Arbeidsoppgåver

Stillinga inngår i poliklinisk klinisk aktivitet. LIS vil også kunne delta i førebyggjande arbeid og avdelinga sine forskingsprosjekt
Poliklinikk, arbeidsmiljøundersøkingar, tverrfaglege forskingsprosjekt og undervising er difor prioriterte oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i arbeidsmedisin   
  • Det blir lagt vekt på erfaring som bedriftslege og anna relevant klinisk erfaring
  • Det blir lagt vekt på relevant forskingserfaring, PhD
  • Må meistre norsk, både skrifleg og munnleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende
  • Kan delegere og følgje opp delegerte oppgåver

Vi tilbyr

  • Den som blir tilsett i LIS stillinga, vil få ein personleg rettleiar og delta i avdelingas regulære utdanningsprogram
    Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Marit Grønning
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55973875
Arbeidssted
Yrkesmedisinsk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen