Kort om arbeidsgiver

Det er oppretta ny fastlegeheimel i Giske kommune med oppstart 01.09.2020 eller etter avtale.

Heimelen er knytt til Giske kommunale legesenter. Legesenteret er lokalisert på Ytterland på Valderøya. Gruppepraksis med totalt ni
fastlegar og ein LIS1. Senteret er velorganisert og har fokus på godt
arbeidsmiljø og samarbeid. Journalsystemet er Infodoc Plenario.

Det er ikkje knytt kommunale oppgåver til stillinga.

Fastlegen arbeider som sjølvstendig næringsdrivande. Heimelen er nyoppretta og utan krav om betaling av praksiskompensasjon. Listetak blir sett etter avtale. Det vil bli overført ein andel pasientar frå andre fastlegelister i kommunen til den nye heimelen.

Legen inngår leigeavtale med eige driftsselskap, Giske kommunale legesenter AS til gunstige leigevilkår.
Deltaking i 10-delt legevakt kveld og helg ved Giske legevakt og interkommunal nattlegevakt i Ålesund med minimum 5 nattevakter i året.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Arbeidsoppgåver

  • Kurativt arbeid som fastlege i medhald av fastlegeforskrifta.
  • Helsefremmande og førebyggande arbeid.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Deltaking i kvalitetsforbetringsarbeid og fagleg utvikling av legetenesta. 
  • Deltaking i legevakt.

Kvalifikasjonar

Personlege eigenskapar

  • God på kommunikasjon og samarbeid.
  • Evne til initiativ og til å vere fleksibel og løysingsorientert.
  • Evne til å arbeide strukturert og målretta.
  •  
  • Andre opplysningar:
  • Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
  • Søkjar må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
  • Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.

    Lenke til legeforeningens sitt skjema Søknadsblankett for legestillingar
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Giske kommune
Kontaktpersoner
Navn: Anne-Line Sommerdalen
Tittel: kommuneoverlege
Telefon: (+47) 93462221
Navn: Gretha Giske
Tittel: einingsleiar
Telefon: 97028234
Arbeidssted
Barn, familie og helse, Giske kommune
Ytterland 1
6050 Valderøya