Kort om arbeidsgiver

Lungeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus har ledig ei fast stilling frå 02.03.2020 og eit vikariat frå 02.03.2020 til 30.08.2020 som Lege i spesialisering innan lungemedisin.

Lungeavdelinga driv med spesialisert utgreiing og behandling av pasientar med lungesjukdomar i Helse Vest. Vi har i tillegg ein stor forskingsaktivitet i nært samarbeid med andre avdelingar og institusjonar både regionalt og nasjonalt.

For fast tilsetjing gjeld følgjande:
Vi tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet innan lungemedisin. Spesialistutdanninga vil føregå på Lungeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. 

Avdelinga har to sengepostar med totalt 36 sengeplassar. Av desse er 8 senger knytt til ROE/post 1 (Respiratorisk overvakingseining). Vi har og ein stor poliklinikk- og dagbehandlingseining der Senter for søvnmedisin er ein viktig del. Nasjonal kompetanseteneste for søvnsjukdommar og Nasjonal Kompetanseteneste for Heimerespiratorbehandling er og knytt til avdelinga.

Lungeavdelinga har ca 150 årsverk og eit variert pasientbelegg med årleg rundt 2500 avdelingsopphald (døgn- og dag) og ca.22000 ambulante konsultasjonar. Gjennom eit tett samarbeid med universitet og høgskule bidrar avdelinga til høg forskingsaktivitet og fagutvikling. Det er krav om godkjend tuberkulinprøve.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i etablerte vaktordningar og i avdelinga si drift
  • Undervisingsoppgåver må påreknast

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i lungemedisin
  • Må meistre norsk både skriftleg og munnleg
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Erfaring frå samarbeid på tvers

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Vere ein god teamarbeidar

Vi tilbyr

  • Positivt og kompetent fagmiljø, høg forskingsaktivitet
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Kjetil Sævartveit
Tittel: Assisterande avdelingsdirektør
Telefon: 55973555
E-post: kjetil.sevartveit@helse-bergen.no
Arbeidssted
Lungeavdelinga, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen