Kort om arbeidsgiver
Suldal kommune har to ledige fastløna stillingar i 100% f.o.m. 01.02.20.

I vår kommune kan du kombinere ein periodevis hektisk jobb som fastlege med eit kvardagsliv som gir deg rom for å kople av både i naturen og i det urbane miljø.

Suldal legekontor har eit ungt og framoverlent arbeidsmiljø og me kan tilby gode arbeids- og lønsforhold.

Arbeidsoppgåvene er vanleg allmennpraksis, deltaking i legevakt og kommunale oppgåver. Tverrfagleg arbeid er sentral for oss og legekontoret er samlokalisert med ergo-/fysioterapi, helsestasjon og frisklivssentral. Suldal sjukeheim, heimetenesta med bestillarkontor og psykisk helse ligg også i umiddelbar tilknyting til legekontoret.

Det øvre listetaket for pasientar er 730. Suldal har tilsett seks legar og ein LIS1, og har søkt om å bli med i prosjekt ALIS-Vest. Kommunen er eige legevaktdistrikt med 6-delt vakt. Deltaking i legevakt er obligatorisk.

Meir informasjon om stillingen: https://enterprisesuldal.ryfylkeikt.no/recruitment/opening?1
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Suldal kommune
Kontaktpersoner
Navn: Adriaan van Ruiven
Tittel: Einingsleiar
Telefon: 5279 2318 / 454 22 697
E-post: adriaan.van.ruiven@suldal.kommune.no
Navn: Harald Bjarne Hellesen
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 911 67 506 / 5279 2300
E-post: harald.bjarne.hellesen@suldal.kommune.no
Arbeidssted
Sand
Eidsvegen 7
4230 SAND