Kort om arbeidsgiver

Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for 12 kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn og har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost, vaksenhabilitering og tverrfagleg spesialisert ruseining.

Vi har ledig 100% fast stilling som LEGE I SPESIALISERING frå 02.03.2020 ved rus døgn på Tronvik.

Rus døgn med 15 sengeplasser har opptaksområde for heile Helse Vest. Sengeposten har overlege som både er spesialist i psykiatri og rus og avhengighetsmedisin, psykologspesialist og miljøpersonale. Den som vert tilsett plikter å gjere teneste på Psykiatrisk klinikk sine eininger i Førde, Tronvik og Florø etter avtale. Med nærleik til Førde sentralsjukehus og BUP, vil det vere mogleg å få all teneste som er nødvendig for å bli spesialist utan å flytte frå Førde. Avdelinga Psykiatrisk klinikk har 17 legestillingar, samt turnuslegar og medisinerstudentar vår og haust.

Arbeidsoppgåver

  • Hovudoppgåva er å vurdere, diagnostisere og behandle tilviste pasientar
  • Den som vert tilsett må ventast å ta del i utvikling av fagtilbodet ved avdelinga
  • Delta i vaktordning på Psykiatrisk klinikk sine einingar og sengepost for barn og ungdom (UPH).
  • Ein må pårekne å gjere teneste ved sengepostar og poliklinikk etter dei behov avdelinga har. Det er eit ynskje om at den som vert tilsett tek spesialitet i både psykiatri og rus og avhengighetsmedisin.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Vi søkjer ein dyktig medarbeidar med interesse for å utdanne seg til psykiater og spesialist innan rus og avhengighetsmedisin.
  • Gode språkkunnskapar, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå.Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell).
  • Søkjar må ha førerkort i klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du tenkjer heilskapleg, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Faglig og personlig utvikling
  • Godt utbygde IT tenester. Vi brukar pasientsystemet Dips.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde
Kontaktperson
Navn: Evy-Helen Helleseth
Tittel: Seksjonsleiar legar
Telefon: (+47) 57839470
Hjemmeside
Arbeidssted
Psykiatrisk klinikk, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillingen