Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘"På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt ni behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket.

Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting.

Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund. www.helse-mr.no
Vi søker ein erfaren, samlande og tydeleg leiar som kan vise til stor gjennomføringskraft og som evner å motivere tilsette til kontinuerleg forbetring og omstilling. Adm. dir. får ein særleg viktig oppgåve med å sørge for drift av føretaket innanfor økonomiske rammer, samtidig som at ressursane blir nytta på ein måte som gjer at tenestene og funksjonane blir riktig prioritert og ivaretatt. Vi ser for oss at aktuelle søkarar gjerne har erfaring frå helsesektoren, har høgare utdanning og er sterkt motivert for samfunnsoppdraget.
For å lukkast i ein krevjande og spennande leiarrolle må fleire av momenta som er lista opp under vere på plass. Dette handlar mellom anna om utdanning, erfaring og personlege eigenskapar
  • Du har sterk motivasjon for samfunnsoppdraget
  • Du evner å foreine ulike interessentar sitt synspunkt og skape optimisme både internt og eksternt
  • Du har stor evne til strategisk heilskapstenking; du må kunne balansere fagkunnskap, organisatorisk- /økonomisk forståing og samfunnsinnsikt
  • Du bør ha høgare utdanning i kombinasjon med relevant erfaring og gjerne erfaring frå leiing på høgt nivå innan helsesektoren/sjukehusdrift
  • Du bør ha god kunnskap om dei utfordringane sektoren står framfor og har erfaring frå avgjerdsprosessar i offentleg sektor
  • Du bør også helst ha toppleiarerfaring som gjer at du raskt kan bygge eit godt og tillitsfullt forhold til styret og til tilsette i Helse Møre og Romsdal
  • Du veit korleis du skal lose krevjande prosesser i hamn og har leiareigenskapar som gjer at du står fram som trygg, kommuniserande og ansvarleg også i vanskelege situasjonar. Du må i periodar tåle stor arbeidsbelasting og tåle å stå i krysspress
Kontakt gjerne våre rådgivarar i Headvisor AS ved Lars Jakob Arnøy, tlf. 907 69 045 eller Anders Bauge, tlf. 901 56 249 for ein uforpliktande samtale. Styret sin leiar, Ingve Theodorsen, kan også kontaktast på tlf. 908 26 512. Alle førespurnadar før søknadsfristen blir behandla konfidensielt inntil anna er avtalt. Søknadsfrist er 30.09.2019
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Lars Jakob Arnøy
Tittel: Rådgiver
Telefon: 907 69 045
E-post: lja@headvisor.no
Navn: Anders Bauge
Tittel: Rådgiver
Telefon: 901 56 249
E-post: ab@headvisor.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Ålesund
Åsehaugen 5
6017 ÅLESUND
Søk på stillingen