NAV leverer arbeids- og velferdstenester til Norges befolkning og har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske moglegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ynskjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver

Vi ynskjer ein arbeidsplass prega av mangfald, og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hjå oss. NAV er IA-verksemd og vi tilrettelegg arbeidsforholda om du har behov for dette.
NAV region Bergen har ledig fast stilling som rådgivande lege eller overlege i 40% stilling. 

Den rådgjevande overlegetenesta er ein fagleg støttespelar og rådgjevar for rettleiarar ved NAV-kontora. 
Legen si viktigaste rolle er å bidra til aktivitet og arbeid. Den rådgjevande legetenesta i NAV ønsker også å fremja godt samarbeid med fastlegar og resten av helsevesenet. Vi søker deg som er energisk, positiv og vil bidra til dette viktige samfunnsoppdraget. 

Det er eit triveleg fagmiljø blant legane i NAV og vi møtast regelmessig ein gong i månaden. Det er god stabilitet i gruppa, og dei fleste er spesialistar i allmennmedisin. Det er mogleg å kombinera arbeid hjå oss med fastlegepraksis eller anna klinisk arbeid. Vi legg til rette for fleksible løysingar med eigen datamaskin og tenestetelefon. Legane er også ute på besøk hos ulike NAV kontor for tverrfagleg saksdrøfting. 

Vi ønsker ein kandidat som er trygg på faget sitt, og som har forståing og interesse for NAV si rolle og målsettingar.

Arbeidsoppgåver
  • Vere medisinsk ressursperson for rådgjevarar og andre medarbeidarar i NAV gjennom råd og rettleiing i enkeltsaker, møtedeltaking, kompetanseheving o.a.
  • Vere ein brubyggjar mellom NAV og helsevesenet
  • Bidra i NAV sitt arbeid med ulike samarbeidspartar for å få fleire i arbeid og aktivitet
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Bakgrunn som fastlege
  • Brei medisinsk kompetanse og bakgrunn innen arbeidsmedisin, samfunnsmedisin, fysikalsk medisin og psykiatri er ein fordel
Personlege eigenskapar
  • Evne til å arbeide målretta, nøyaktig og effektivt
  • Særdeles gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter
  • Gode pedagogiske evner
  • Evne til å arbeide tverrfagleg; kunne samarbeide med andre leger og tilsette i NAV utan medisinsk utdanning
Vi tilbyr
  • Krevande, spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • Eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Deltaking i landsdekkande nettverk for rådgjevande legar i NAV
  • Tilrettelegging for spesialisering
  • Løn etter avtale som rådgjevande overlege, stillingskode 1250, lønnsspenn 658 300 kr. – 848 800kr. per år. Høgare løn kan vurderast for særleg kvalifiserte kandidatar.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Praksiskompensasjon for fastlegar, jf. særavtale om arbeidsvilkår for rådgjevande legar i NAV
  • Fire månadars utdanningspermisjon med løn kvart femte år (overlegepermisjon) i tråd med særavtale
  • God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2%)
  • Du må rekne med å reise noko i samband med jobben
Stillingskategori
Rådgiver
Arbeidsgiver
NAV
Kontaktperson
Navn: Aina Merete Steinsland
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 91364345
E-post: aina.merete.steinsland@nav.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Bergen, Rådgivende lege
Solheimsgaten 13
5058 BERGEN