Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Vi har ledig faste stillingar for lege i spesialisering, samt fleire 6 månaders vikariat. Opplys i søknaden om du søkjer på fast stilling og/eller vikariat.

Mottaksklinkken har 6 einingar, Utgreiingsmottak 1 og 2, Akuttmottak, Korttidspost, Diagnostisk senter og Akuttpost. Utgreiingsmottaket er eit tilbod til pasientar med behov for tverrfagleg utgreiing ved akutt sjukdom. I akuttmottak har Mottaksklinikken sine overlegar eit særskild ansvar for primærvurdering/triage samt oppfølging av pasientar med høg hastegrad. Kortidsposten er ein observasjonseining for pasientar med avklarte problemstillingar og forventa kort liggjetid. Diagnostisk senter er ein poliklinikk med ansvar for eit diagnostisk pakkeforløp for pasientar med mistanke om alvorleg sjukdom/kreft med usikker organtilhørighet. Akuttposten er spesialisert på rusproblematikk. I tillegg har vi ein eining for forsking og utvikling.

Det var ca 37 000 pasientar gjennom akuttmottak og nærare 14 000 ØH avdelingsopphald i sengeeiningane i løpet av 2018. Mottaksklinikken har 2 overlegar med bistilling ved UiB og det pågår for tida fleire store kliniske studiar. Til ein av desse, NORCAP, er også knytta midler til tilsetting av stipendiat(ar). Motiverte søkjarar vil ha gode moglegheiter for å kunne gå inn i PhD utdanning evt 50% postdoc knytta til klinikkens forskingsaktivitet.

For fast stilling gjeld følgjande:
Vi tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet i akutt- og mottaksmedisin, ein viser for øvrig til utdanningsplan. Etter fullført spesialisering vil stillingen bli omgjort til stilling som legespesialist.

Vikariat kan tene som del av spesialistutdanninga 

Arbeidsoppgåver

  • LIS-Legane som blir tilsett vil få oppgåver i alle klinikkens einingar, inkludert teneste i Akuttmottak og vil arbeide tett saman med klinikken sine overlegar. LIS-legane vil også ha oppgåver i teama saman med helsepersonell med ulik bakgrunn og kompetanse. Det blir nattevakter og i tillegg kjem helge- og kveldsarbeid i dei ulike einingane i Mottaksklinikken.

Kvalifikasjonar

  • Mottaksklinikken skal bygge opp tverrfagleg kompetanse og vi søker etter LIS-legar med ulik medisinskfagleg bakgrunn.
  • Norsk autorisasjon som lege/ lege med lisens som etter gjeldande regelverk kan leggjast til grunn for oppstart i LIS-stilling. 
  • Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Forskingskompetanse er ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Din motivasjon for å arbeide med akutt sjuke pasientar er veldig viktig. Vi søkjer deg som trivst når det er travelt, har pasienten i fokus og er opptatt av god logistikk og høg fagleg kvalitet i akuttkjeda. Du må like utgreiing og diagnostikk og du hentar fram det beste i deg når du jobbar i tverrfaglege team. Du har brei erfaring og godt klinisk blikk.

Vi tilbyr

  • Ein unik moglegheit til nybrotsarbeid
  • Høgt fokus på forsking
  • Spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Lønn etter gjeldane overeinskomst
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Bård Østnor
Tittel: Ass. Einingsleiar
Telefon: 55970308
E-post: bard.ostnor@helse-bergen.no
Navn: Rune Oskar Bjørneklett
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 55978205
E-post: rubj@helse-bergen.no
Arbeidssted
Mottaksklinikken
Haukelandsveien 22
5021 Bergen