Askvoll kommune ligg på kysten av Sogn og Fjordane, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har over 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.
Askvoll legesenter har 2 ledige fastlegeheimlar, 1 frå snarast og 1 frå 01.01.2020

Askvoll legesenter utvidar kapasiteten med ein ny fastlegeheimel frå snarast i tillegg til overtaking av ein fastelegeheimel frå 01.01. 2020 (ein lege går av med pensjon).

Frå snarast er det ledig 100% stilling, fastlegeheimel med «0-liste» til 31.12.2019, listetak 640 pasienter og 40 % stilling som kommuneoverlege.
Fra 01.01.2020 vil det være ca. 500 pasienter på lista.


Frå 01.01.2020 er det ledig 100 %  stilling, fastlegeheimel listetak 850 pasienter, ca. 700 pasienter på lista, 20% kommunal stilling som tilsynslege ved sjukeheimen.

Askvoll legesenter har per i dag 3 fastlegar og ein LIS1 lege. I tillegg rutinert hjelpepersonell, 1 sjukepleiar og 4 helsesekretærar, totalt 3,15 årsverk. Legekontoret er ein del av seksjon helse som omfattar helsestasjon, jordmor-, fysioterapi- og psykiatriteneste, samt nærmiljø/frivilligheitssentral. Seksjonen ligg under helse og omsorg med kommunalsjef, helse- og omsorg som øvste leiar.

Fastlegane er spesialist i allmennmedisin, arbeider som sjølvstendig næringsdrivande med «0-avtale» i tillegg til kommunale bistillingar (20%) og rettleiing for LIS1. Askvoll legesenter har hatt stabil legedekning i svært mange år. Legesenteret dekker dagvakt frå kl. 08:00 - 15:30. Søkjar må berekne ca. 1 dagvakt per veke.

Askvoll kommune deltek i Sunnfjord Ytre Sogn Interkommunal Legevakt (SYS IKL), lokalisert i Førde fra kl. 15:30 -0800 på kvardagar og heile døgnet på helg og heilagdagar. Det utgjer ca. 2-3 vaker per månad per lege på SYS IKL (fastlønsavtale).

For søkjarar som er spesialistar i allmennmedisin og har interesse for det,  kan det komme til rettleiingsoppgåver for LIS1/LIS3.

 
Kvalifikasjoner :
  • Vi søkjer spesialistar i allmennmedisin eller legar som kvalifiserer seg til tilsetjing i LIS 3 stilling i allmennmedisin.
  • Godkjent LIS 1
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Motivasjon for å bli spesialist i allmennmedisin og samfunnsmedisin (for kommuneoverlegestilling)
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både skriftleg og munnleg.
Personleg eignheit, interesse og kunnskap vil verte vektlagd.
Erfaring frå kommunehelsetenesta og fastlegeordninga er ein stor fordel.
Det er krav om framlagd politiattest før oppstart.
 
 
Vi tilbyr : 
  • pensjonsordning i KLP
  • flyttegodtgjerdsle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
  • gode arbeidsforhold i fine lokale med trivelege kollegaer og personale.
 
Søkjar kan velge å enten å jobbe som sjølvstendig næringsdrivande eller som tilsett med fastløn. Rettleiing for LIS3 eller lege i spesialisering for allmennmedisin etter gammel ordning blir gitt. For kommuneoverlegen er det også mulighet for spesialisering i samfunnsmedisin.

Kommunen vil hjelpe til med å skaffe bustad.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Askvoll kommune
Arbeidssted
Askvoll legesenter
6980 ASKVOLL