Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. Hovudfokuset er døgnbasert arbeidsretta rehabilitering. Senteret ligg 800 m.o.h. i Rauland i Telemark, omgjeven av fantastisk natur som nyttast både i rehabiliteringsprosessen og av våre tilsette i fritida. Me har ca. 65 årsverk og 80 tilsette. AiR – Klinikk er CARF-akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Me delar lokale og organisasjon med Nasjonalt Kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering med ansvar for å forske på best practice innanfor fagfeltet. AiR har totalt fem stillingar for legar. 
Forskjellige stillinger

Overlege/lege

Arbeidsretta rehabilitering
  • Rehabiliteringssenteret AiR as
  • AiR-Klinikk
  • Stillingstype
    Fast stilling
  • Stillingsprosent
    100%
  • Søknadsfrist
    Utløpt
Det er forskjellige spesialitetar som kan vera aktuelle for AiR. Dette kan til dømes vera fysikalsk medisin og rehabilitering, arbeidsmedisin, allmennmedisin, eller andre. Det kan vera aktuelt med lege i spesialisering (LIS) innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Teneste ved AiR – Klinikk er også godkjent som institusjonsteneste for legar i spesialisering som allmennlegar.

I AiR – Klinikk hjelper me menneske som av ulike årsakar har falle ut eller er i fare for å falle ut av arbeidslivet. Ofte er det snakk om fysiske eller psykiske utfordringar, som regel i ein kombinasjon.
Me arbeider i team – beståande av lege, psykolog, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog. Saman støttar me pasientane gjennom ein heilskapsorientert endringsprosess, der stabilisering av funksjon i arbeidslivet er målet.
Som lege bidreg du med din spisskompetanse gjennom klinisk praksis, og i tverrfaglege vurderingar saman med dei andre profesjonane. Du vil også delta i systematisk fagleg utvikling saman med medarbeidarane dine, noko som har stor prioritet i klinikken. 

Arbeid- og ansvarsområde:
Bidra til å styrke ressursar og moglegeheiter for personar med samansette plager og nedsatt arbeidsevne gjennom:
  • Individuelle konsultasjonar og rettleiing
  • Medisinske vurderingar
  • Søknadsvurdering
  • Fortløpande journal- og epikrisearbeid
  • Undervising
  • Tverrfagleg sparring og samarbeid
Faglege kvalifikasjonar:
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Blikk for tverrfaglege funksjonsvurderingar
  • Interesse for undervising og gruppeprosessar
  • Teamspelar som kan gjera andre gode gjennom konstruktiv fagleg dialog
  • God skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring med fagområdet er ei føremon, men ikkje eit krav
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Me tilbyr:
  • Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
  • Arbeidstid mellom kl. 08.00 og 15.30 på kvardagar 
  • Innhaldsrike og gjevande arbeidsdagar
  • Fagleg utvikling både internt i huset og gjennom eksterne kurs og etterutdanning
  • Topp arbeidsmiljø
  • Fantastisk natur og omgjevnader
  • Hjelp til å skaffe møblert bustad
Stillingskategori Andre legestillinger
Arbeidsgiver: Rehabiliteringssenteret AiR as
Kontaktperson:
Jon Hovda
Fung. leiar klinikk
Telefon: 35062800
jon.hovda@air.no
Hjemmeside: www.rehabilitering.no Søknad merkes: overlege/lege Arbeidssted: AiR-Klinikk
Haddlandsvegen 20
3864 RAULAND
workplace map Mer om arbeidsgiver

AiR-klinikk tilbyr tverrfaglig intervensjon der målet er å styrke arbeidsevnen og bidra til mestring...

Les mer om arbeidsgiver