Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Vi søkjer etter overlegar til faste stillingar.

Mottaksklinkken har 6 einingar, Utgreiingsmottak 1 og 2, Akuttmottak, Korttidspost, Diagnostisk senter og Akuttpost. Utgreiingsmottaket er eit tilbod til pasientar med behov for tverrfagleg utgreiing ved akutt sjukdom. I akuttmottak har Mottaksklinikken sine overlegar eit særskild ansvar for primærvurdering/triage samt oppfølging av pasientar med høg hastegrad. Kortidsposten er ein observasjonseining for pasientar med avklarte problemstillingar og forventa kort liggetid. Diagnostisk senter er ein poliklinikk med ansvar for eit diagnostisk pakkeforløp for pasientar med mistanke om alvorleg sjukdom/kreft med usikker organtilhørighet. Akuttposten er spesialisert på rusproblematikk. I tillegg har vi ein eining for forsking og utvikling. Overlegane vil vere tilsette i Mottaksklinikken, i tillegg kjem legar på vakt/ konsultativ basis frå dei andre kliniske miljøa på sjukehuset.

Det var ca 37 000 pasientar gjennom akuttmottak og nærare 14 000 ØH avdelingsopphald i sengeeiningane i løpet av 2018. Mottaksklinikken har 2 overlegar med bistilling ved UiB og det pågår for tida fleire store kliniske studiar.

Arbeidsoppgåver

  • Legane som blir tilsette i Mottaksklinikken vil få oppgåver i høve til system, som til dømes klargjering av ansvar, pasientlogistikk og samhandling. Likeeins vil dei ha ei koordinerande rolle i mottak og ansvar for den initiale medisinske vurderinga av pasientane. I Utgreiingsmottaket, Korttidsposten og Akuttposten har overlegane det medisinske ansvaret i teamet kring pasientane. Det er 20-delt vakt med arbeidstid til kl 22 og heimevakt.

Kvalifikasjonar

  • Mottaksklinikken treng tverrfagleg kompetanse og vi søkjer etter overlegar med ulik fagleg bakgrunn. Vi er særleg interessert i spesialistar i indremedisinske fag, men alle kliniske retta spesialitetar er aktuelle. Mottaksklinikken er søkt godkjend som utdanningsstad for spesialiteten Akutt- og mottaksmedisin. Søkjarar med indremedisinsk spesialitet vil få tilrettelagt teneste for godkjenning også i denne spesialiteten
  • Norsk autorisasjon
  • Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Din motivasjon for å arbeide med akutt sjuke pasientar er veldig viktig. Vi søkjer deg som trivast når det er travelt, har pasienten i fokus og er opptatt av god logistikk og høg fagleg kvalitet i akuttkjeda. Du må like utgreiing og diagnostikk og du hentar fram det beste i deg når du jobbar i tverrfaglege team.

Vi tilbyr

  • Ein unik moglegheit til nybrotsarbeid
  • Høgt fokus på forsking,
  • Spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Lønn etter avtale
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Bård Østnor
Tittel: Ass. Einingsleiar
Telefon: 55970308
E-post: bard.ostnor@helse-bergen.no
Navn: Rune Oskar Bjørneklett
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 92038997
Arbeidssted
Mottaksklinikken
Haukelandsveien 22
5021 Bergen