Tur på Hoven. Bård Basberg/ Loen Skylift
Velkomen som jobbsøkjar til Stryn kommune! Stryn har mykje å by deg som ønskjer å bu i indre Nordfjord. Stryn har djupe dalar og høge fjell, veldrivne jordbruksbygder og dramatisk landskap. Kommunen har 7 214 innbyggjarar, der 2 482 bur i kommunesenteret. Stryn er ein trygg plass å bu, der du har tid til å bli kjend med pasientane dine. 
Stryn tilbyr:
  • Unike naturopplevingar, sommar og vinter
  • Attraktive tomter
  • Aktivt idrettsmiljø
  • God barnehagedekning
  • Grunnskular, vidaregåande skule
  • Kulturhus, kulturskule, symjehall og idrettshall
  • Variert foreiningsliv
  • God tilgang på næringsområde med infrastruktur
I Stryn er det tett mellom kjekke og lett tilgjengelege opplevingar. Heile året er det arrangement, som sykkelfestival, Gummibåtfestival, Motorfestival, Oktoberfest, Strynemessa, Treskifestival, Rando 3000 og Skåla Opp. I 2019 blir det også visefestival. - Med andre ord litt for einkvar smak.
Dugnadsånda står sterkt, det gjev gode oppvekstvilkår som igjen gjer Stryn til ein attraktiv kommune å stifte familie i.

Dei viktigaste attraksjonane i Stryn kommune er Briksdalsbreen i enden av Oldedalen og Loen Skylift i Loen som opna i 2017.  Jostedalsbreen nasjonalparksenter ligg i Oppstryn og på nordsida av fjorden ligg Panoramavegen. Lodalen er også ein populær attraksjon med ei dramatisk rashistorie. Nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen går mellom Stryn og Skjåk, og langs vegen ligg Stryn sommarski. 

Stryn er ein kommune med variert arbeidsliv, med lang tradisjon innan jordbruk. Men vi har også eit nyskapande næringsliv, der fleire bedrifter har jobba seg opp til millionbedrifter. Stryn er eit ope og mangfoldig samfunn der det blir lagt vekt på eit aktivt næringsliv. Stryn legg til rette, får til mykje og ønskjer nye bedrifter velkomne. Resultatet blir ein spennande arbeidsmarknad.

Les meir om kommunen på www.stryn.kommune.no
(Foto: Amund Hjelle: Stryn sentrum. )
Stryn Helsesenter
(Foto: Unni Skåre: Setrevegen 4. )
Barnehagar i Stryn kommune
(Foto: Loen barnehage)
Spesialiteter
  • Allmennmedisin
  • Akutt og mottaksmedisin
Arbeidssted
Stryn helsesenter
Setrevegen 4
6783 STRYN
Se kart
Adresse navn