
Ortopedisk avdeling ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS3 til årsvikariat, med moglegheit for forlenging.
Om avdelinga
Det er god breidde i det ortopediske tilbodet i Helse Førde, med fast tilsette overlegar innan alle fagfelta. Avdelinga har aktivitet ved sjukehusa i Førde, Lærdal og Eid.
Fast arbeidsstad for LIS3 er Førde sentralsjukehus.
Ved Lærdal sjukehus føregår det i all hovudsak elektiv ortopedi. På Nordfjord sjukehus har vi dagkirurgi og skadepoliklinikk.
Førde sentralsjukehus har tilbod innan følgjande område:
Avdelinga i Førde har sju LIS3 stillingar og seks LIS1 stillingar. Vi har 7 døgns post i Førde og 5 døgns post i Lærdal.
Om regionen
Førde sentralsjukehus ligg sentralt til i Førde, Sunnfjord kommune. Ein har gode kommunikasjonsmoglegheiter både til Oslo og Bergen, både med fly og buss. Om du likar shopping, treningssenter, ulike idrettar eller turar i skog og fjell, så er dette fasilitetar du har lett tilgjengeleg like i nærleiken.
Les meir om kommunen og kva vi kan tilby deg i regionen vår: Sunnfjord kommune.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.