
Kvinneklinikken søker seksjonsoverlege ved fødeseksjon.
Kvinneklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus er regionssjukehus for Helseregion Vest og sentralsjukehus for Vestland fylke. Vi har universitetsfunksjon og driv forsking innan fagområda gynekologi og fødselshjelp.
Klinikken er delt inn i fødeseksjon, seksjon for gynekologi (delt i avdeling for generell gynekologi og kreft), seksjon for fostermedisin og ultralyd og seksjon for assistert befruktning. Vi har årleg om lag 4500 fødslar og rundt 3000 operative inngrep. Fødeseksjon har 13 overlegar i i heil- og deltidsstillingar i tillegg til LIS i rotasjon. Seksjonen blir leia av to seksjonsoverlegar, der ein går ut i planlagd permisjon frå januar 2026. For å sikre godt leiarskap utlysast vikariat som seksjonsoverlege i eitt år. Seksjonsoverlegane høyrer til nivå 3 i organisasjonsstrukturen og rapporterer til Klinikkdirektør. Dei inngår i leiargruppa i legeseksjonen, samt i utvida leiargruppe i klinikken. Vaktsystemet er firedelt og det er forventa at seksjonsoverlegane kan delta i vakt.
Les meir om oss: Kvinneklinikken KK - Helse Bergen HF
Til stillinga som seksjonsoverlege ved Kvinneklinikken si fødeseksjon ligg eit overordna ansvar for fag, ansvar for økonomi og personalansvar for overlegane ved seksjonen. Vidare ligg det til stillinga å sikre kompetanseutvikling, god planlegging, godt tverrfagleg samarbeid og utvikling av det samla tilbodet til pasientane våre. Seksjonsoverlegane samarbeider, mellom anna, tett med jordmorleiarane i drift og utvikling av fødetilbodet, og gode samarbeidsevner er ein føresetnad for å lukkast i jobben. Jobben fordrar leiareigenskapar, stor fagleg interesse og engasjement. Vi har alltid fokus på kompetanse, pasientryggleik og brukarmedverknad. Kvinneklinikken si kjerneoppgåve er å gi gode helsetenester til kvinner på Vestlandet. Vi held til i nye, topp moderne lokale og arbeider med løysingar for framtida. Det er derfor viktig at du som seksjonsoverlege kan bidra positivt inn i utviklingsprosjekt og forbetringsarbeid.
Ved Kvinneklinikken har vi fokus på godt arbeidsmiljø og vårt kollegium ønsker deg som seksjonsoverlege velkommen!
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.