
Volda sjukehus søker ein engasjert og fagleg sterk spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar. Vi ser etter ein allsidig fagperson med gode evner til leiing og samarbeid, som ønsker å bidra aktivt til utvikling av faget og tenestene våre.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit sterkt og triveleg fagmiljø. Vi har rundt 500 fødslar i året, hovudsakleg med låg til moderat risiko. Anestesiseksjonen handterer akuttsituasjonar med nyfødde, og vi har barnelege tilknytt barselavdelinga.
Innan gynekologi tilbyr vi utgreiing, behandling og operasjonar av dei vanlegaste gynekologiske tilstandane. Vi har eit tett og godt samarbeid med resten av sjukehuset, og med kvinneklinikken i Ålesund.
Du vil få spennande oppgåver innan føde, barsel, poliklinikk, dagkirurgi, operasjon og sengepost. For tida har vi seksdelt heimevaktordning. Du vil også få høve til å vere ein drivkraft i utviklinga av fagområdet og tenestetilbodet vårt, og bidra til eit godt arbeidsmiljø. I tillegg vil du delta i og legge til rette for spesialistutdanning for LIS3.
20 % av stillinga kan vurderast knytt til leiaransvar for gynekologiske legar.
Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon – vi ser fram til å høyre frå deg!
Å være personlig egnet blir sterkt vektlagt!
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.