Kort om arbeidsgiver
Samnanger kommune ligg midt mellom Bergen og Hardanger - tett på både by- og naturopplevingar (40 minuttars køfri kjøring frå Bergen sentrum). På helsetunet finn du legekontoret samlokalisert med fysioterapi/ergoterapi, helsestasjon, jordmor, kommunepsykolog og Samnangerheimen rett over vegen.
Legetenesta har fire fastlegeheimlar, tre dyktige og stabile medarbeidarar (helsesekretærar og sjukepleiar) og eit godt fagmiljø. Kommunen skal opprette ei ny fastlegeliste med 400-500 pasientar, og har samtidig behov for styrka ressursar på sjukeheimslegefunksjonen.
Helse og omsorg i Samnanger kommune er i gang med ei omorganisering der legekontoret blir etablert som eiga avdeling. For å sikre god drift og utvikling søkjer me ein avdelingsleiar som kan leie legekontoret vidare inn i ei ny tid, fastlegestilling for å ha listekapasitet til innbyggjartalet, og sjukeheimslege for å styrka sjukeheimen si legedekning. Difor søkjer me deg som vil vere med og utvikle helsetenesta i kommunen vidare - i rolla som avdelingsleiar, fastlege og/eller sjukeheimslege. Du kan søkje på heile stillinga eller delar av den, avhengig av kva som passar deg.
Arbeidsoppgåver
Fastlege
Gi helsehjelp til eigne listepasientar i tråd med lover, forskrifter og avtaleverk
Kollegial fråværsdekning og kommunale oppgåver som dagberedskap Deltaking i Bjørnafjorden interkommunale legevakt (vaktsystem 1:15)
Avdelingsleiar
Overordna ansvar for drift og utvikling av legekontoret
Personalansvar og leiing av medarbeidarar, inkludert fagleg rettleiing Ressurs- og budsjettstyring, samt arbeid med måloppnåing
Leggje til rette for gode arbeidsprosessar, samarbeid og samhandling med andre tenester i og utanfor kommunen
Bidra til utvikling av kvalitetsrutinar, pasienttryggleik og innovasjon
Sjukeheimslege
Medisinsk ansvar for sjukeheimspasientar
Diagnostikk og behandling
Rettleiing av helsepersonell, pasientar og pårørande ved Samnangerheimen
Kvalifikasjonar
Krav Fastlegestilling og sjukeheimslege:
Fullført LIS1-teneste/turnusteneste (for legefunksjonane)
For leiarstilling:
evne til å leie, utvikle og koordinere
Norsk autorisasjon og politiattest etter helsepersonellova
God språkforståing og formidlingsevne
Ønskjer
Spesialisering i allmennmedisin (påbegynt eller fullført)
Leiarutdanning eller leiarerfaring
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som er:
Engasjert, tydeleg og inkluderande som leiar og kollega
God til å samarbeide på tvers av faggrupper
Strukturert, sjølvstendig og med blikk for utvikling
Fagleg nysgjerrig og motivert for å bidra til eit sterkt fellesskap Personleg eignaheit og samarbeidsevne vert vektlagt
Evne til å arbeida effektivt, sjølvstendig og ha gode formidlingsevne Interesse og engasjement for allmenmedisin
Me tilbyr
ALIS-avtale og støtte til spesialisering i allmennmedisin
Trivelege lokale med stabilt fagmiljø
Moglegheit for heimekontor ved behov
Ein arbeidskvardag med høg grad av fagleg variasjon og stor påverknadskraft
I fastlege stillinga val mellom fastlønsstilling eller næringsdrift (8.2-avtale)
Godtgjersle for næringsdrivande for deltaking i kommunal ordning for øyeblikkeleg hjelp på dagtid Økonomisk stønad til kursdeltaking
Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Fleksible arbeidstidsordningar
Gode velferdsordningar