
Helse Fonna har ledig nyoppretta stilling som overlege for samhandling og kloke val, ei stilling med varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar. Stillinga er organisert under fagdirektør. Arbeidsoppgåver er knytt til avdelingane Fag og forsking, Klinikk for medisinske tenester og beredskap og Samhandling.
Arbeidsoppgåver
- Klinikkoverlege Klinikk for medisinske tenester og beredskap.
- Leie arbeidet med implementering av tiltak i samband med Helse Fonna si beslutning om å bli eit kloke val-føretak.
- Leie arbeidet med målbevisst jobbing for å redusera overdiagnostikk og overbehandling for å tilby betre og tryggare helsetenester.
- Bidra i arbeidet med å sikre gode pasientforløp på tvers av spesialist- og kommunehelseteneste.
- Samarbeide med dei øvrige samhandlingslegane i føretaket (tidlegare praksiskonsulentar, PKO).
Kvalifikasjonar
- Spesialist i relevant sjukehusspesialitet eller samfunnsmedisin
- God system- og organisasjonsforståing
- Inngåande kjennskap til føretaket si organisatoriske oppbygging og samarbeidsflatene mellom dei ulike einingane
- Leiarerfaring
- Erfaring frå samhandling mellom spesialist og kommunehelseteneste
- Erfaring frå arbeidet med kloke val, både på organisatorisk og gjennomførande nivå
- Gode språkkunnskaper er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at:
- Du har god fagleg vurderings- og samarbeidsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du kan arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du trivst med å arbeid i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
Vi tilbyr
- Ein variert og spennande jobb
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit attraktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.