Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Giske kommune har ledig fastlegeheimel med listestorleiek 900. Oppstart etter avtale.

Kommunen søker tilskott frå Helsedirektoratet for midlar til ALIS-avtale som vil kompensere utgifter og tapte inntekter knytt til spesialisering for LIS3.

Praksis ved Giske kommunale legesenter, lokalisert på Valderøya. Gruppepraksis med 11 fastlegar og ein LIS1. Senteret er velorganisert og har fokus på godt arbeidsmiljø og samarbeid. Det er tilsett dagleg leiar med ansvar for alt administrativt. Stabilt og velfungerande hjelpepersonell. Journalsystemet er Infodoc Plenario.

Fastlegen arbeider som sjølvstendig næringsdrivande. Legesenteret blir drifta av Giske kommune og legen inngår leigeavtale med kommunen.

Det er ikkje knytt kommunal deltidsstilling til fastlegeheimelen per i dag.

Deltaking i 10-delt legevakt kveld og helg ved Giske legevakt. Deltaking i interkommunal nattlegevakt i Ålesund med minimum 5 nattevakter i året.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Arbeidsoppgåver

  • Kurativt arbeid som fastlege i medhald av fastlegeforskrifta.
  • Helsefremmande og førebyggande arbeid.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Deltaking i legevakt.

Kvalifikasjonar

Personlege eigenskapar

  • God på kommunikasjon og samarbeid.
  • Evne til initiativ og til å vere fleksibel og løysingsorientert.
  • Evne til å arbeide strukturert og målretta.

 

Andre opplysningar:

  • Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
  • Søkjar må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
  • Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.

Vi tilbyr

  • Spanande arbeidsoppgåver
  • Gode kolleger og hyggeleg arbeidsmiljø
  • God fagleg støtte og rettleiing for uerfarne legar
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege
Arbeidsgiver
Giske kommune
Kontaktpersoner
Navn: Gretha Giske
Tittel: einingsleiar
Telefon: +47 97028234
Navn: Mette Helen Teigene Tingvoll
Tittel: avdelingsleiar
Telefon: 97754361
Navn: Anne-Line Sommerdalen
Tittel: kommuneoverlege
Telefon: 93462221
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Barn, familie og helse, Giske kommune
Valderhaug 4
6050 Valderhaugstranda