
Er du lege med klinisk spesialitet og interesse for medisinsk seleksjon, sjøfart eller telemedisin?
🛟 Bli med å utvikle verdas beste helsetilbod til sjøs!
Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin er eit nasjonalt kompetansesenter i Yrkesmedisinsk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Vi arbeider for å fremje helse hjå sjøfolk, fiskarar, dykkarar og offshorearbeidarar - i skjeringspunktet mellom klinisk medisin, samfunnsmedisin og teknologisk innovasjon.
Våre aktivitetar inkluderer:
Di rolle
Som overlege hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du løyser senteret sine ulike oppgåver i tett samarbeid med dine medarbeidarar. Du vil ha eit særleg ansvar for å utgreie saker for Sjøfartsdirektoratet i "Fagnemnda for helsesaker" og for å undervise i seleksjonsmedisin på kurs. Stillinga inngår i den telemedisinske vaktordninga "Radio Medico - legevakta til sjøs".
Arbeidet er både variert og tverrfagleg. Her får du utvikla deg som fagperson - på heilt nye område - saman med engasjerte kollegaer.
Havet er stort og etterspurnaden etter tenestene våre er aukande. Vi styrkjer bemanninga og søkjer etter spesialistar frå fleire ulike fagområde.
Kva i alle dagar er "Fagnemnda for helsesaker"? Ta ein titt her: https://vimeo.com/949822368
#
👉 Besøk nettsida vår for meir informasjon - www.nsmdm.no - eller ta kontakt med oss på telefon/e-post.
Velkommen til ein ny og spennande arbeidskvardag - i eit inkluderande og nyskapande fagmiljø!
💡 Arbeidsoppgåvene vil bli fastsatt i dialog mellom deg og seksjonsleiar - tilpassa din kompetanse, dine behov og dine interesser. Oppgåvene vil variere over tid. Du vil få naudsynt opplæring og støtte undervegs, slik at du kan nå dine mål - og vi kan lukkast saman.
> nøkkelkvalifikasjonar - "må-krav"
> anna relevant erfaring - tel positivt, men er ingen føresetnad
> du er
> du liker
💡 Om noko av dette kjenneteiknar deg, har du eit godt utgangspunkt for å lukkast i stillinga - og til å finne deg godt til rette hjå oss.
Kvifor skal du velge oss?
❤️ Meiningsfylte arbeidsoppgåver
🌈 Inkluderande arbeidsmiljø
🦽 Tilrettelagd arbeidsplass
✔️ GenZ-venleg balanse og miks
‼️ Ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande samtale - det kan vere at det er nettopp kvarandre vi søkjer. Vi deg - og du oss.
> Respekt - Kvalitet - Tryggleik <
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
💡Tips: Vi oppmuntrar til bruk av ny teknologi, men tilrår at du skriv innhaldet i jobbsøknaden din sjølv - med naturlig intelligens og menneskeleg kreativitet (anten på bokmål eller nynorsk). Det vil bidra til at di stemme og dine særeigne kvalitetar kjem tydelegare fram i søknaden. Vi ser fram til å høyre frå deg!