Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Førde legekontor er lokalisert i Førde ca. 10 min. køyring frå Sveio sentrum, og kor ein pr. dags dato har 2.200 listepasientar fordelt på 3 kommunalt tilsette fastlegar.
Sveio legekontor er lokalisert i Sveio sentrum kor ein pr. dags dato har 1 225 listepasientar fordelt på 2 kommunalt tilsette fastlegar
Begge legekontora er veldreve med erfarent og kompetent hjelpepersonell.
Sveio kommune har 1 sjukeheim lokalisert i Sveio sentrum
Sveio er saman med 5 andre kommunar med i eit interkommunalt legevaktsamarbeid, og tilsette legar må pårekna deltaking i legevakt (inntil 2-3 vakter i månaden).
Kommunestyret i Sveio vedtok i sommar å slå saman legekontora i kommunen til eit felles legekontor.