
Kreftklinikken på Haukeland universitetssjukehus er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF, herunder stråleterapi og medikamentell kreftbehandling.
Ved sida av utgreiing og behandling av pasientar i samsvar med internasjonalt anerkjende opplegg, blir det arbeidd med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar og utvikling av nye tilbod. Avdelinga har fleire aktive forskingsmiljø som driv på høgt internasjonalt nivå.
Ved stråleterapi blir det lagt stor vekt på å bruke behandlingsopplegg som er utarbeida spesielt for den enkelte pasient, for å oppnå best mogleg effekt på kreftsjukdommen, og redusere biverknadane.
Vi arbeider tverrfagleg og multidisiplinært med mange faggrupper til det beste for pasienten. Det er eit integrert samarbeid med opererande avdelingar i sjukehuset om multimodal kreftbehandling, og det er etablert eit sarkomsenter med 4-6 senger på ein av postane. Vi er per i dag 29 LIS-legar og rundt 43 overlegar.
Vi har no ledig fast stilling og vikariat (6 og 12 måneders varigheit) frå mars 2026 som lege i spesialisering i onkologi. Lege i spesialisering i onkologi-vikariata kan telje som del av spesialistutdanninga. For vikariat kan cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar. Cand.med. blir inkludert i vaktrotasjon, hvis ledig vaktplan.
For fast stilling gjeld følgande: Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i onkologi med rotasjonsordning til medisinsk teneste (hematologi og annan medisinsk seksjon). Det er eit integrert tilbod om hospitering ved Lungeavdelinga. Spesialistutdanninga vil gå føre seg i Bergensområdet, inkludert sideutdanninga. Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Tiltreding i stillingane fortløpande. Opplys i søknaden om du ønsker å starte før mars 2026 og opplys om du søker fast stilling, vikariat eller begge.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.