Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Er du klar for å ha ei nøkkelrolle i utviklinga av faget, pasientforløpa og fagmiljøet vårt?

Vi ser etter deg som har solid klinisk erfaring og eit sterkt fagleg engasjement. Du som ser heilskapen – både i pasientforløp, fagsamhandling og i måten vi utviklar helsetenestene våre på. Du trivst med samarbeid, tek ansvar, og ønskjer å vere ein synleg og samlande fagperson.

Som klinikkoverlege blir du ein del av leiinga i klinikken og får vere med å påverke fag, retning og kvalitet i tenestene våre. Du vil ha eit særskilt ansvar for å sikre medisinsk forsvarleg pasientbehandling og gode, samanhengande pasientforløp – både internt og på tvers i organisasjonen.

Høyrest dette ut som ei rolle du kunne trivst i? 👉 Då håpar vi du søkjer!

Arbeidsoppgåver

Dette blir ein del av oppgåvene dine:

  • Rådgjeving og tett samarbeid med klinikkdirektør og andre leiarar
  • Representere klinikken i faglege forum og utval
  • Bidra til å styrke interne og eksterne relasjoner for kvalitet- og fagutvikling 
  • Sørge for faglig interaksjon med andre klinikker og sykehus
  • Bidra til å styrke tverrfaglege team i klinikken
  • Delta i strategi- og budsjettarbeid
  • Overordna ansvar for LIS1-opplæring
  • Bidra til god informasjonsflyt

Kvalifikasjonar

  • Relevant erfaring som overlege i klinikk for somatikk Stord
  • Fagleg kompetanse og klinisk erfaring blir vektlagd
  • Må ha gode IKT-kunnskapar
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 

Personlege eigenskapar blir vektlagd

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er overlege i klinikk for somatikk Stord (fast tilsett)
  • har god fagleg vurderingsevne, tenker nytt og jobbar målretta
  • er engasjert og interessert i faga våre
  • jobbar sjølvstendig, men trivst òg med samarbeid i team
  • ser løysingar og tek nye utfordringar på strak arm
  • jobbar målretta og held roen i krevjande situasjonar
  • tilpassar deg lett og er open for nye måtar å jobbe på
  • formidlar klart - og lyttar godt

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • Vere med og forme framtida til pasientane og fagmiljøet
  • Bli ein del av eit engasjert miljø som heile tida utviklar seg
  • Jobbe tett på leiinga og påverke retning og fagleg utvikling
  • Ein jobb med ansvar, påverknad og rom for utvikling
  • Eit godt kollegafellesskap med humor, tillit og fagleg fellesskap
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Sunniva Austlid
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 90096097
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Klinikk for somatikk Stord sjukehus 
Tysevegen 64
5416 STORD