Er du lege og ønskjer å spesialisere deg innan ortopedi?
Vi tilbyr fast LIS3-stilling med eit solid og strukturert utdanningsløp som fører fram til spesialiteten i ortopedisk kirurgi. Du får hovuddelen av utdanninga ved Helse Fonna, kombinert med tilleggsutdanning ved Helse Bergen og Helse Stavanger.
Dette er ein LIS3-stilling som føreset at LIS1-tenesta er fullført.
Send oss søknaden din – vi gler oss til å bli kjent med deg!
Arbeidsoppgåver
- Deltaking i avdelinga si drift
- Visittgang
- Skadepoliklinikk og operasjonsassistanse
- 7 delt LIS3 vakt bak LIS1
- Deltaking i fagleg undervisning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege er ein føresetnad
- Det er ønskjeleg med relevant erfaring frå ortopedisk kirurgi eller spesielt interesse for faget
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er sjølvstendig
- har gode kommunikasjonsevner med pasientar og kollegaer
- er ansvarbevisst
- trivst i eit aktivt og travelt miljø
- har gode evner til samarbeid
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- 40.000,- i rekrutterings og stabiliseringstillegg ved oppstart i stillinga
- løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- eit høgt fagleg nivå
Fra 01.01.25 tilbyr vi:
- 15.000,- i erfaringstillegg til alle LIS2/3 som har 2 års ansiennitet i utdanningsstilling LIS2/3
- 15.000,- i kontinuitetstillegg til alle LIS 2/3 som har 3 års ansiennitet i utdanningsstilling LIS2/3