Avdeling for ortopedi SNR har behov for vikarar for LIS 3 perioden f.o.m. veke 22 t.o.m. veke 35.
Har du lyst på eit eventyr på Nordvestlandet, og lyst å jobbe på vårt flotte nye sjukehus Nordmøre og Romsdal? Vi treng ferievikarar som LIS3 i ortopedi i samband med sommarferieavviklinga. Det vil bli høve til å søkje fast LIS3 stilling om ønskjeleg. Vi treng din bistand både i kortare eller lengre tidsperiodar.
SNR Hjelset er det nye sjukehuset i Nordmøre og Romsdal. Det er ein ortopedisk avdeling som har eit breitt kompetansefelt innan ortopedi. Dette med artroskopi, hand-, fot-, protese-, ryggkirurgi, samt traumatologi. Vi har totalt 8 LIS-stillingar, ca 12 overlegar, og det blir drive utstrakt forskingsaktivitet i avdelinga. LIS3 sommervikar vil gå vaktar bak LIS1, og vil delta på operasjon. Ein vil kunne opparbeide seg brei erfaring på kort tid.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og eventuelt anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.
Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagd