Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Onkologi - eit spennande fagfelt i stor utvikling!  Vil du vere med på å byggje det beste laget?

Vi søker no primært etter legar i spesialisering (LIS 2/3). Vi oppmodar også legar før turnus som ønsker relevant arbeid og lærerike dagar i eit triveleg og fagleg sterkt onkologisk miljø til å søke.

Seksjonen har 8-delt primærvakt som kandidaten kan verte delaktig i avhengig av kompetansenivå. Startdato frå snarleg, men dette kan avtalast.

Det onkologiske tilbodet i klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal inneheld bl.a:

  • Sengepost, stråleterapieining, lindrande team og poliklinikk i Ålesund
  • Kreftpoliklinikk og lindrande team ved Volda, Molde og Kristiansund sjukehus

Onkologi er eit svært spennande og variert fag som utviklar seg raskt. Nye behandlingsmetodar og teknikkar er i stadig utvikling. Onkologiske legar i vår seksjon er i dag delt inn etter faggruppene; uro/sarkom/CNS, GI, malignt melanom, brystkreft/thyroidea og stråleterapi. Onkologi gir rike moglegheiter for forsking, og det er etablert eige forskingsutval i klinikken.

Seksjonane gir eit breitt onkologisk tilbod til pasientane. Dette gjeld også pasientar utanfor Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg.


Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Kliniske arbeidsoppgåver vil primært omfatte poliklinikk og drift av sengepost
  • Polikliniske konsultasjonar, vurdering av henvisningar, deltaking på MDT-møter, tilsyn og vurdering av stråleterapi etter kvalifikasjon
  • Deltaking i vaktordning ved sengeposten i Ålesund avhengig av kompetansenivå
  • Deltaking i kliniske studier

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning 
  • Medisinsk embetseksamen med autorisasjon som lege i Noreg
  • Lege før turnus oppmodast også til å søke
  • Du har gode kunnskaper i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Vi legg vekt på at du er god i det kliniske arbeidet med kreftpasientar

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du trivast i eit aktivt, framoverlent og hektisk miljø
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du deler gjerne kunnskap med andre
  • Du har gode kommunikasjonsevner

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Du kan lese meir om regionen vår her.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Nils Eivind Skottner
Tittel: 70106939
Telefon: +47 70106939
E-post: Nils.Eivind.Skottner@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Legar kreftavdelinga, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund