Kort om arbeidsgiver
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Time kommune søkjer etter ein næringsdrivande fastlege til etablert heimel med 1000 pasientar, ved Sandtangen legesenter på Bryne.
Sandtangen legesenter er sentralt plassert i sentrum av Bryne, like ved togstasjonen.
Legesenteret består av 7 fastlegar, både spesialistar i allmennmedisin og legar under spesialisering.
Me har eit inkluderande arbeidsmiljø der trivsel i arbeidskvardagen står i fokus, anten det gjeld det faglege eller det sosiale. Legar i spesialisering får god rettleiing og supervisjon, med låg terskel for å drøfte ting i kollegiet.
Me har eit fantastisk hjelpepersonell som består av sjukepleiarar, bio-ingeniør og helsesekretær. Desse er svært veldrevne og sjølvstendige i sine arbeidsoppgåver.
Legekontoret er moderne utstyrt i flotte lokale. Me har blant anna EKG, spirometri og ultralyd som brukast i den diagnostiske kvardagen.
Legesenteret har Webmed som journalsystem. Dette er eit svært godt journalsystem, som er enkelt å setta seg inn i.
Oppstart 01.10.2025
Arbeidsoppgåver
- Følgja opp pasienter på liste
- Legevakt ca. 32 delt i Klepp (kveld/helg) og ca. 60 delt i Hå (natt)
- 3,5 timer helsestasjonsarbeid i veka, ved Bryne helsestasjon
- Andre kommunale legeoppgåver i inntil 20 % stilling (totalt) kan vera aktuelt
- Delta i administrative oppgåver ved felles drift av legesenteret
Kvalifikasjonar
- Lis 3 eller spesialist i allmennmedisin
- Norsk autorisasjon og refusjonsrett
- Beherska norsk munnleg og skriftlig minst på nivå B2.
- Krav om politiattest
Personlege eigenskapar
- Interessert i allmennmedisin
- Strukturert og sjølvstendig
- God på samhandling og samarbeid
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr
- ALIS-tilskot under spesialiseringa
- Grunntilskot for 800 pasientar
- Etableringstilskot på 350 000
- Rettleiing under spesialisering
- Eit godt fagleg arbeidsmiljø
- Kjekke kollegaer